Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sommarfest ved sjukeheimen

Elinor Bolme Torsdag 17. august 2017

Alle bebuarar, familie og vener er hjarteleg velkomne til sommarfest ved Surnadal sjukeheim 23.august 2017 kl 17.30. Jostu med vener frå Todalen, vil spela og synga gode gamle slagerar.

Det blir enkel servering av kaffe og noko godt å eta.

Det er «Pårørandeforeininga i Surnadal» som arrangerer denne trivelege festen.

Invitasjon til sommarfest

Publisert: 17. august 2017, 19:40