Hyttebok frå helvete
31. oktober kjem Are Kalvø ti Surnadal kulturhus med oppsettjinga si «Hyttebok frå helvete». Her får ein oppleve ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.
Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar.