Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny fotoutstilling åpna i AMFI Surnadal

Elinor Bolme Onsdag 7. november 2018

På laurdag vart det rigga til med ny fotoutstilling i AMFI Surnadal. I dei gamle lokala til tidlegare gullsmedbutikk Diamant har no Surnadal Fotoklubb sett opp ei utstilling som er ope i senterets åpningstider. 

Kristine Saksen Ulvund som driv Studio Saksen i Todalen er ein av utstillarane. Ho har med tre bilder så langt.

Fotoklubben teljer i dag ca 30 medlemmer, og nokre av dei er representert med ulike bilder, litt etter kva den ulike fotografen interesserer seg for på utstillinga. Her er både folk, dyr og mykje fin natur fanga gjennom linsene. 

Dette er ei salgsutstilling, så her er det rå å få handla inn ei og anna julegave til den som «har alt». Pris og kontaktinfo finn ein ved det enkelte bilde. Og er det nokon som kanskje har lyst til å bli medlem i klubben er dei hjerteleg velkomne seier leiar Ronny Kvande. Les meir om Surnadal fotoklubb på deira heimeside

Først publisert: 7. november 2018, 15:00 - Sist oppdatert: 8. november 2018, 08:19