Strømbrudd på Rykkjem i formiddag
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Det må påregnes noe forsinkelser i sambandet på grunn av strømbrudd på Rykkjem ferjekai, melder Fjord1. Fra 14.45 er det normal drift i sambandet.
Vi fann 3578 artiklar i dette arkivet.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Det må påregnes noe forsinkelser i sambandet på grunn av strømbrudd på Rykkjem ferjekai, melder Fjord1. Fra 14.45 er det normal drift i sambandet.
Vi er no inne i ein periode der det er meldt store mengder nedbør i form av snø og regn. Brøytemannskapet rundt om i bygda er klare, men dei melder om eit glatt føre desse dagane. Anders Ansnes Karlsen fortel at snøen som no har komme er veldig glatt, og ber derfor den som ferdast […]
Mange tok turen til ein islagt Todalsfjord i mildvêret i dag. Her var både små og store ute i godveret for å oppleve det litt magiske å ferdas midtfjords på vinters tid. Dei aller fleste hadde med seg fiskeutstyr og prøvde lykka under isen. Og fleire meldte om fangst, men den kom tidleg på dagen. Fleire trudde at flo og fjøre spela inn på dette. Isen er no mellom 15 og 20 cm tjukk, og trygg å ferdast på, heilt fram til Nordvik.
-Seks ulike filmar på Surnadal kino i løpet av ei stor veke – og nokre hastar det å få med seg!
Mest hast er det å få med seg GREEN BOOK, i alle fall i denne omgang. Ein god «gamaldags» film om ein røff utkastar som får eit sjåføroppdrag for ein meir forfina mørkhuda pianist.
Surnadal kommune varsler sine innbyggjarar om stenging av vatn og brudd på kommunalt ledningsnettet via SMS eller telefon. Det samme systemet blir bruka til å sende ut varsel om feiing av eineboligar og fritidsboligar, og vil kunne bli brukt i ulike beredskapssamanhengar. Eksempel på dette kan vere varsel om stengte vegar under flaum, ras eller liknande.
Vi er klare med den fyrste kåringa i 2019. Og er treng hjelp til å kåre ein vinnar. Med stabilt ver og meir dagslys gleder vi oss på ferske bidrag til dagens bilete.
I går hadde formannskapet i Surnadal kommune saka om ekstra tilskudd til tre lokale nærbutikkar som skal yte nokre ekstra tjenester på vegne av kommunen oppe i sitt møte. Nærbutikkane dette er snakk om er Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden, og drivarane her venta nok litt ekstra i spenning […]
«Green Book» vann «Golden Globe», og er også nominert til Oscar. Fredag 1. februar er det premiere på Surnadal kino.
Vi er tilbake i 1962 og ei italiensk-amerikansk dørvakt får jobb som sjåfør for ein mørkhuda klassisk pianist som skal på turne gjennom sørstatane i USA.
No er det jaggu høgsesong for ulike årsmøtearrangement. Vi har fått tilsendt innkallinga til Surnadal Kunstforening som minner om sin fastsette dato
Surnadal Golfklubb kaller inn til årsmøte lørdag 23. februar kl 19:00 på Thon Hotel Surnadal.
10 år er snart gått sidan Todalen.no gjekk på lufta ein augustdag 2009 i forbindelse med lanseringa av barne tv-serien «Fjellgarden i Trollheimen». Og med det ambisiøse sloganet -kvar einaste dag, så har vi faktisk klart å hatt ein grei produksjon av stoff av ulikt slag i alle desse åra. I går var styret samla for ein gjennomgang av året som har gått sidan det snart er årsmøtetid, og ikkje minst planlegge kommande år på lufta.
Ja, i dag har vi sett ho i deler av bygda i alle fall. 27. januar er ein merkedag for fleire av husstandane på Husby da sola kliv over fjella og tittar så vidt inn stueglasa nokre etterlengta minutt. Mange har i dag nytt dagen ute i det fine, men litt kalde vêret. Både etter veg til fots eller med spark, på ekrene med ski eller kanskje nytt ein fjelltur i retteleg pudderføre.