Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rossåa blir til Røssåa?

Elinor Bolme Måndag 25. mars 2019

Kartverket skal behandle fleire namnesaker frå kommunen, og desse blir difor no sendt ut på høring. Dette er namn frå alle krinsane i kommunen, med unnatak av for Øvre Surnadal. Eitt av desse namna er Røssåa (Rossåa) her i Todalen. Namnet er her skrive slik det er «godkjend og tilrådd», så langt. 

Eit stadnamn er namnet på ein lokalitet. Stadnamn skal skrivast på bestemte måtar. Lov om stadnamn beskriv prosessane for fastsetjing av skrivemåten og bruken av stadnamn. Kartverket driftar Sentralt stadnamnregister (SSR), som inneheld offisielle skrivemåtar og sakshandsamingsinformasjon. Vedtekne skrivemåtar skal nyttast av det offentlege. Når eit namn ikkje er handsama etter reglane i lov om stadnamn, kan namnet ha fleire godkjende skrivemåtar. I slike tilfelle er det oppgjeve kva for ein godkjend skrivemåte som bør nyttast.

Dei andre sakene gjeld følgjande gards- og bruksnamn i kommunen (også skrive slik dei, så langt, er «godkjend og tilrådd»):

  • Røen (gnr. 112)
  • Røslia (under gardsnr. 118)
  • Røsmoen (under gardsnr. 35)

Dei som eig gardar eller bruk med desse namna har uttalerett og vil få/har fått melding om dette. Lokale lag med særleg tilknyting til eit stadnamn blir også rekna som part. Men alle som har viktig kunnskap om, eller vektige argument for, kva namn ein skal velje, blir uansett inviterte til å kome med uttale, slik at sakene blir best muleg belyst.

Desse natur- og seternamna er også lagt ut til høring no:

  • Røsetra (under gardsnr. 112)
  • Røelva (Røen/Mo-omr.)
  • Røsåa (Røen/Mo/Grytskog-omr.)
  • Røslia (under gardsnr. 47)
  • Røstolan (under gnr. 125)
  • Skabekken (Bølandet)

Det er ikkje spesifisert partar for natur- og seternamn, som Røssåa. Men ein vil gjerne ha innspel frå dei med kunnskap om desse namna. Det kan t.d. gå på kva dei meiner namna tyder, skrifttradisjon for namna eller om den skriftlege, tilrådde forma er den næraste ein kjem dialekta.

Uttale til kommunen kan sendast på post@surnadal.kommune.no eller til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal seinast 23. april.

Kartverket melder at dei har iverksett klagebehandlinga av Øvstbøen som gardsnamn etter at grunneigarane, Eidet Vel og Surnadal kommune har klaga på dette vedtaket. Dei ville heller ha Østbøen. Det er framleis muleg å kome med innspel i denne namnesaka, om ein har opplysningar som ikkje har kome fram så langt. Ein eventuell uttale må sendast post@surnadal.kommune.no seinast 11. april.

Medan kraftverket tilhøyrande Rossåa heiter Råssåfoss kraftverk. Foto JOØ

 
 
Publisert: 25. mars 2019, 22:54