Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3612 artiklar i dette arkivet.


Lagseriegjengen trossa vêret

Elinor Bolme Fredag 6. september 2019

Torsdagar er lagseriestemnedag, men sist gong var oppmøtet litt labert grunna surt vêrbruk. Likevel gjennomførte dei som kom både lengdehopp, kasting av liten ball, 60 meter og 400 meteren.


Ole’s hjørne

Elinor Bolme Fredag 6. september 2019

I morgon er det Ole Stensby du kan treffe om du tek turen på Hals. Ole er førstekandidaten til Sosialistisk Venstreparti i Surnadal og går no inn for å få ein plass i kommunestyret etter valget.


Enno 35 gamle epostadresser!

Elinor Bolme Torsdag 5. september 2019

I vårt epostarkiv oppe i hovedmenyen finn vi no 8 månader etter at Svorka la ned epost tjenesta si heile 35 gamle epostadresser. Vi oppfordrar derfor dei med gamle adresser som sluttar på @svorka.net om å melde i frå til oss slik at vi får oppdatert denne lista med riktige epostar.


Er du den vi treng?

Elinor Bolme Onsdag 4. september 2019

Cafe Dan som er lokalisert i 2. etasje på Coop Extra på Skei søkjer etter kvalifisert kokk til si verksemd innan kokk og restaurantfaget.

Stillingsannonsa lyder som følgjande:


Siste innspurt

Elinor Bolme Fredag 30. august 2019

Det er ei stor veke att til årets kommune- og fylkestingvalg, og dei fleste partia brukar den nest siste helga til å treffe veljarane der dei er. Senterpartiet hadde stand ute ved Matkroken i ettermiddag, og folk stoppa opp og tok ein prat med ordførarkandidat Margrete Svinvik og to av todalsrepresentantane.


Forslag om samlokalisering av barnehagane avslutta

Elinor Bolme Torsdag 29. august 2019

Under dagens møte i Hovudutvalet for Oppvekst vart det vedteke at oversendingsforslaget om å slå saman barnehagane i Todalen og Stangvik ikkje treng ny behandling i kommunestyret. Les meir om gladnyheita på Trollheimsporten: Såg ingenen nye grunnar for samlokalisering av Todalen og Stangvik Foto:Trollheimsporten.


Valgprat

Elinor Bolme Torsdag 29. august 2019

Valgkampen trappar seg betrakteleg opp no framover mot kommune- og fylkestingsvalget den 9. september. I den forbindelse kjem ordførarkandidat Margrete Svinvik frå Surnadal Senterparti til Matkroken førstkomande fredag kl 16:00. Her blir det da sjølvsagt anledning til å spørje ho om kva ho vil arbeida for i kommunen sin.    Surnadal Sp er medlem i […]


Sykkelritt til Kårvatn

Elinor Bolme Tysdag 27. august 2019

Trollheimen sykkelklubb arrangerte i kveld sitt årlige sykkelritt frå Nordvik opp til Kårvatn. Det var to klasser, med og utan tid. Håvard Gjeldnes gjekk av med seieren i tidtakingsklassen. 


Kårvatn SkyRun – enno ikkje for seint å delta

Jon Olav Ørsal Fredag 23. august 2019

Fredag kveld stakk vi innom Kårvatn for å ta pulsen på arrangøren av Kårvatn Sky Run. Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Kårvatn Fjellutstyr og Todalen Idrettslag. Det er stort sett same gjengen som utgjør arrangementsstaben i morgondagens arrangement som Norgescupen i Randonee – ein rutinert gjeng som ikkje kvier seg på ein topptur verken sumar eller vinter.


Vilt og utmarkskveld

Elinor Bolme Fredag 23. august 2019

Viltnemda i Surnadal kommune inviterer til KLØVERSTUKVELD VILT OG UTMARK førstkommende mandag 26. august  kl. 19.30, på Surnadal kulturhus, Svorkasalen. Program: * Foredrag v/ Forsker Erling L. Meisingset, NIBIO. * Vurdering av hjortebestanden i Surnadal. * Status for skrantesjuke (CWD) i Norge. * Ny instruks for føring i «Sett og skutt». * Kort orientering frå fallvilt […]


Klart for årets Søyacup

Elinor Bolme Torsdag 22. august 2019

På laurdag samlas små og store til årets Søyacup. Med 78 påmeldte lag blir det full rulle frå morgon til kveld. Det meste er no på stell både med bane og områda i rundt, og kampoppsettet er ferdigstilt. IL Søya set kvalifiserte dommarar høgt på sine arrangement, og hadde onsdag kveld dommarkurs for dei som […]


Alle rutene er merka, og det er klart til Skyrun

Elinor Bolme Torsdag 22. august 2019

No er det snart duka for verdenspremiere på Kårvatn Sky Run, og deltakarkarlista viser snart 30 påmeldte deltakarar. Her finn vi både damer og herrer, også fleire lokale utøvarar i alle klassane. Så langt er det 3 påmeldte til trimklassen Storfjellet opp, 13 i klassen Kårvatn Skyrun 29 km og 10 i klassen Kårvatn Skyrun 43 km.