Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Alle rutene er merka, og det er klart til Skyrun

Elinor Bolme Torsdag 22. august 2019

No er det snart duka for verdenspremiere på Kårvatn Sky Run, og deltakarkarlista viser snart 30 påmeldte deltakarar. Her finn vi både damer og herrer, også fleire lokale utøvarar i alle klassane. Så langt er det 3 påmeldte til trimklassen Storfjellet opp, 13 i klassen Kårvatn Skyrun 29 km og 10 i klassen Kårvatn Skyrun 43 km. 

Sjå heile påmeldingslista her: Kårvatn Skyrun 2019

Sist helg vart løypemerkinga frå Kårvatn til Tovatna starta, og fleire har vore engasjert dei siste dagane for å få alt på plass.

Varden på fortoppen på Grinaren mot Todalsfjorden.

Makalaus utsikt, bli med som deltakar eller heiagjeng!.

Trimklassen startar frå Kårvatn klokka 9 laurdag, medan dei i konkurranseklassane startar 11.Arrangørane  håpar derfor at enda fleire melder seg på i løpet av dei siste dagane, eller tek turen til Storfjellet som heiagjeng i lag med Surnadal Sparebank som lovar stor stemning der.

Meld deg på her!

Publisert: 22. august 2019, 05:00