Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Siste innspurt

Elinor Bolme Fredag 30. august 2019

Det er ei stor veke att til årets kommune- og fylkestingvalg, og dei fleste partia brukar den nest siste helga til å treffe veljarane der dei er. Senterpartiet hadde stand ute ved Matkroken i ettermiddag, og folk stoppa opp og tok ein prat med ordførarkandidat Margrete Svinvik og to av todalsrepresentantane.

Johan Ørsal finles programmet og er ikkje redd for å utfordre til diskusjon.

Kandidatane oppfordra folk til å bruke røysteretten sin, uansett kva ein vel å røyste på. Dei minna også om valgdebatten onsdag 4. september på Surnadal kulturhus. Her er det dei sju listepartia med valliste i Surnadal som inviterer til stand og debatt.

Listetoppane Eli Vullum Kvande (MDG), Tor Rune Halset (H), Mali Hildrun Settem (KrF), Annett Ranes (Ap), Margrethe Svinvik (Sp), Nils Petter Tonning (FrP) og Ole Stensby (SV) stiller i debattpanelet kor Svein Sæter blir ordstyrer frå kl 19 og utover.

Publisert: 30. august 2019, 20:52