Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kårvatn SkyRun – enno ikkje for seint å delta

Jon Olav Ørsal Fredag 23. august 2019

Fredag kveld stakk vi innom Kårvatn for å ta pulsen på arrangøren av Kårvatn Sky Run. Arrangementet er eit samarbeidsprosjekt mellom Kårvatn Fjellutstyr og Todalen Idrettslag.  Det er stort sett same gjengen som utgjør arrangementsstaben i morgondagens arrangement som Norgescupen i Randonee – ein rutinert gjeng som ikkje kvier seg på ein topptur verken sumar eller vinter.

Ekspertar på tidtaking – Hans Mogstad og Daniel Zwick driv opplæring til Jostein bruset og Iren Sæterbø til venstre. dei gule koffertane blir utplassert i fjellet for å ta mellomtider. Foto: Jon Olav Ørsal

Fredag kveld var det både gjennomgang på kartet og briefing på tidtakarutstyret for dei som skal utplasserast på toppane som skal passerast og der det skal registrerast passeringstider.  Det skjer med moderne elektronisk tidtakingsutstyr som er basert på GPS og teleteknologi.

Da vi var på Kårvatn var det litt skodde på toppane, men meteorologane lovar at det skal bli bra vær til arrangementet laurdag. I skrivande stund nærmar det seg 50 deltakarar påmeldt, og det er eigentleg i det leiet vi har håpa på, seier initiativtakar Gudmund Kårvatn.  Vi reknar det første året som eit prøveår, og dette er eit høveleg antal. Vi kunne forresten hatt fleire på 4 km løypa – Storfjellet Opp.  Der har vi berre 7 påmeldte og kunne tenkt oss litt fleire. – Så har du lyst har du lov, for kan du bruke den tida du vil, seier Gudmund.

Vi blir på plass på Kårvatn og vil få med oss starten for trimklassen kl 9.00 SkyRun 29 0g 43 km startar kl 11.  Påmelding skjer på nettsida til Kårvatn SkyRun, og er du kjapp, så kan du bli med!

Skoddetoppar i Knobbane i kveld – men meteorologane lovar betre vêr i morgon. Foto: Jon Olav Ørsal

Rigging av utstyr pågikk fredag kveld. Kårvatn blir base for arrangementet laurdag. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. august 2019, 19:17