Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3515 artiklar i dette arkivet.



ALTI Forvaltning inngår samarbeid med Vestnes Brygge

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 2. mars 2021

I ei felles pressemelding frå ALTI Forvaltning og Malme AS, blir det kunngjort at ALTI Forvaltning og Malme AS inngår avtale om utvikling og forvaltning av Vestnes Brygge. Vestnes Brygge ligg sentralt plassert i Vestnes, midt mellom Molde og Ålesund. Vestnes har eit kompakt sentrum med mange butikkar i gåavstand. Vegg i vegg med senteret ligg Sport!, Europris og Bunnpris, forutan fleire leilegheitskompleks, treningssenter og båthamn. Avtalen som er inngått tredde i kraft 1.mars, altså frå i går. 


Todalen.no – innkalling til årsmøte

Stig Husby Måndag 1. mars 2021

Det nærmar seg årsmøtetid for Todalen.no, og vi minner derfor våre medlemar om årsmøte torsdag 18. mars kl. 20.00. Alle medlemar er velkomne, både lag og organisasjoner, bedrifter og personlege medlemar. På saksliste står det vanlege årsmøtesaker. Dersom nokon ønsker saker behandla på årsmøtet må dette sendast skriftleg til stighusby@msn.no innan 10.mars. 



Ole Magne Ansnes er ny styreleiar i Laget Vårsøg

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. februar 2021

I eit presseskriv frå Laget Vårsøg no i dag, blir vi informert om at Ole Magne Ansnes blir ny styreleiar i Laget Vårsøg. Ole Magne overtek som styreleiar etter Rune Dalager, som har vore styreleiar det siste året. Ole Magne vart valt til leiar på laget sitt årsmøte onsdag kveld.  


Ute-grilling på Matkroken Todalen laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

I samband med at COOP er stor sponsor av VM på ski i Oberstdorf i Tyskland, er det no «Jubeldagar» i COOP-butikkane. Det blir markert med mange flagg og plakatar i og utanfor butikkane. I samband med dette, slår Matkroken Todalen, til med grilling av «VM-pølser» laurdag 27.februar mellom klokka 11:00 – 15:00. 


Vatnet på Todalsøra vil vere tilbake fredag ettermiddag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. februar 2021

Halset Vasslag sine abonnentar på Todalsøra har vore utan vatn sidan tysdag kveld på grunn av eit røyrbrot. No i ettermiddag vart røyrbrotet lokalisert. Det er eit gamalt jarnrøyr som har sprukke og må skiftast ut. Dette arbeidet må gjerast på fjærande sjø, så arbeidet kan først ta til i morgon rundt klokka 13:00. Håvard Halset i Halset Vasslag reknar med at alle abonnentane som er råka av røyrbrotet på Todalsøra, vil ha vatn i kranane att ut på ettermiddagen fredag. 


Todalen Idrettslag – Innkalling til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. februar 2021

Våren er tradisjon tru årsmøtetid. Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte torsdag 25.mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort 18.mars. 


Todalen kyrkje – gudsteneste søndag 28.februar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. februar 2021

Søndag 28.februar klokken 14:30 er det duka for årets første gudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av dei nasjonale smittevernreglane, som vart innført 4.jaunuar, har det ikkje vore mogleg å arrangere gudstenester før no. Todalen sokneråd er difor glad for å kunne invitere til gudsteneste att.


Vinterferie og tidenes skidag i alpinsentret i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 21. februar 2021

Det var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag.   Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren.  Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset.  Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas. 


Surnadal sjukeheim – lempar på besøksrutinene

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. februar 2021

Surnadal kommune melder på sine heimesider om nye besøksrutiner ved Surnadal sjukeheim. Sidan alle bebuarane ved sjukeheimen no er vaksinert mot Covid19, lempar altså sjukeheimen på besøksrutinene ved besøk. Det blir òg høve til å gje kvarandre ein klem ved besøk. Så vi kan trygt seie at sjukeheimen «klemmer» til med ei skikkeleg gladmelding inn mot helga. 


Surnadal kino – ekstra framsyningar i vinterferien

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. februar 2021

I samband med vinterferien neste veke, har Surnadal kino sett opp seks ekstra framsyningar. Framsyningane vil vere både på dag- og kveldstid. Allereie i kveld er det premiere på filmen «Wonder Woman 1984», som er ein film der premieren har vore utsett gong på gong, men som no altså endeleg får premiere.