Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa på tur i skoddeheimen til Raufjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 30. juni 2021

I går gjekk turen til Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inn i skoddeheimen, men endte heldigvis opp på Raufjellet, som var turmålet i går. Alle dei 17 turdeltakarane fann vegen, utan at nokon av turdeltakarane «tulla seg bort» i skodda, og kom velberga både opp på Raufjellet og ned att!  

Null sikt, men 17 blide fjes. Foto: Anne V. Einum

– Vi hadde gledd oss til å sjå om vår gode nabo i aust og opp på Raufjellet, fortel Kristian Ranes. – Og dit kom vi, etter at vi hadde gått på fin sti og etter kvart søkkjedikje og blautmyr. Vi ana så vidt toppvarden da vi stoppa, fortel han vidare.

Fin steinstol. Foto: Anne V. Einum

– Kjentmannen peika inn i skodda og sa at der er Rinnhatten og der er Resvatnet, fortel Ranes.

Staseleg gammal furu. Foto: Anne V. Einum

– Med 5 meter sikt var det ikkje så nøye. Men matpakken var like god som moralen ellers, så da vi etter kvart fann att bilane, var vi samde om at det hadde vore ein triveleg dag, og ein fin tur, avsluttar han

Tru om skodda lettar litt no? Foto: Anne V. Einum

No tek Fjellgruppa ferie fram til august. Kristian Ranes i Fjellgruppa fortel at dei meir enn gjerne tek imot forslag til nye måtsame turar til hausten.

Kaffi og niste smakar godt i skoddeheimen. Foto: Anne V. Einum

Takk til Kristian Ranes og Anne V. Einum for informasjon og bilete. 

Utsikt mot Langvatnet. Foto: Anne V. Einum

Da står det berre att å ønskje medlemmene i Fjellgruppa GOD SOMMAR!

God og fin stig på heile turen. Foto: Anne V. Einum

Nedanfor finn du fleire bilete frå gårsdagens tur til Raufjellet:

Publisert: 30. juni 2021, 06:11