Stortingsvalet 2021 – Førehandsrøysting
Sjølv om Stortingsvalet 2021 ikkje er før måndag den 13.september, informerer Surnadal kommune no om førehandsrøystinga, som tek til tysdag 10.august og varer til og med fredag 10.september. Dersom det er heilt umogleg for deg å røyste i perioden med førehandsrøysting, eller på sjølve valdagen, kan du be om tidlegrøysting. Tidlegrøysting må skje etter avtale på kommunehuset i tidsrommet 09:00 – 15:00 og er mogleg å få gjort, frå no, og fram til og med måndag 9.august.