Fjellgruppa – endeleg vart det tur til Åsbøsnyta
I går vart det endeleg tur til Åsbøsnyta for Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag. Sist dei skulle på tur dit, spela ikkje vêrgudane på lag med dei, og lenge såg det ut til at dei ikkje skulle gjere det denne gongen heller, men vêret letta såpass at dei 14 deltakarane bestemte seg for å ta turen, noko dei ikkje angra på.