Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varsel om kraftig vind i kveld og natt

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. januar 2022

Ikkje før er vi ferdige med uvêret Gyda, så melder Meteorologisk institutt om kraftig vind, med opp i orkan styrke på Nordmøre og sørlege delar av Trøndelag. Fergestrekninga Kvanne – Rykkjem er allereie stengt (frå 17:15), og politiet oppmodar folk om å halde seg inne, og unngå all bilkøyring som ikkje er absolutt naudsynt. 

Både Surnadal kommune og Svorka Energi har sett krisestad og er førebudd på situasjonen. Det kan bli brot både i straum- og telefonnettet. Ved brot i telefonnettet er Surnadal kommune å treffe på satelittelefon eller via jaktradio, og da må ein bruke kanan «jakt 1». 

Svorka er og førebudd på brot i straumforsyninga. For å sjekke situasjonen for straumforsyninga, kan ein sjå: svorka.no/driftsmeldinger 

For vegmeldingar: vegvesen.no/trafikk/

Med bakgrunn i varsla som er sendt ut, kan det vere all grunn til å sjekke at det ikkje ligg lause gjenstandar som kan bli tekne av vinden i løpet av kvelden og natta. 

Vi kjem att med meir dersom det skjer ting i vårt område som er av allmenn interesse. For tips, send e-post til red@todalen.no

Publisert: 16. januar 2022, 17:50