Kvass/Ulvungen – Søya/Todalen G10
I kveld tok Søya/Todalen G10 turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjord stadion, for å spele seriekamp mot sin gode nabo Kvass/Ulvungen.
Vi fann 3630 artiklar i dette arkivet.
I kveld tok Søya/Todalen G10 turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjord stadion, for å spele seriekamp mot sin gode nabo Kvass/Ulvungen.
I går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Ranessetra. Så når vêrgudane også varta opp med skikkeleg fint turvêr, så vart det ein skikkeleg fin tur for dei mange turdeltakarane frå Fjellgruppa.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer, torsdag 9. juni klokka 11:00, til stavgangtur i Bøverdalen. Parkering ved garden Svorka i Bøverdalen, der vil folk frå stavganggrupp stå og vise veg. – Ta med stolar, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Måndag 6. juni (2. pinsedag) er det meldt fint vêr og sol! Slettneset steinovnsbakeri inviterer difor til open kafé frå klokka 12:00 – 16:00. Her kan dei freiste med god kaffe og nybaka kaffebrød. Så da er det berre å ta turen til Slettneset for formiddagskaffe på måndag!
Nordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 18. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt å få måla vêrveggen, samt å vaske og rydde innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt.
Tysdag 7. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til det dei kallar ein «Stastur»! Da går dei nemleg trekanten frå Skeisnebbparkeringa over Salen og til Ranessetra.
Surnadal Arbeiderparti kallar inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 29. juni klokka 19:30, i kantina på Surnadal sjukeheim. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort onsdag den 22. juni her på Todalen.no.
Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen. Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Hennafjellet i nabokommunen Heim. – Og turen til Hennafjellet vart ein Skatur!, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
I morgon, 1. juni, arrangerer Svinviks arboret «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa.
I morgon er det den 1. juni, og dermed første sommardag. Også i år vil Frivilligsentralen i Surnadal invitere barn og unge til ulike sommeraktivitetar. Nedanfor finn du ein oversikt over planlagte aktivitetar og lenker for påmelding og meir informasjon:
Torsdag 2. juni klokka 11:00 går Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Todalen for å gå langs Toåa. Parkering på Bruset. Derifrå går turen oppover langs Toåa til hengebrua i Brusetmarka.