Inviterer til basar med tombola
Stangvik Grendalag inviterer alle store og små til årets koselegaste basar i Bondehuset i Stangvik laurdag 22. november klokka 16:00. Her blir det eit variert program og aktivitetar for alle.
Vi fann 3681 artiklar i dette arkivet.
Stangvik Grendalag inviterer alle store og små til årets koselegaste basar i Bondehuset i Stangvik laurdag 22. november klokka 16:00. Her blir det eit variert program og aktivitetar for alle.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og pappemballasje, plast og matavfall, for november og desember 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for januar og februar 2026 blir lagt ut rundt nyttår.
Laurdag 1. november er den store kinodagen på Surnadal kino, da er det nemleg to førpremierar på kinoen. Kinoane sin høgtidsdag er første laurdagen i november kvart år, som altså i år fell på den 1. november. Agnet for å få folk på kino er «halv pris», og er ikkje det tilstrekkeleg for å få napp, så bit sikkert mange på kroken når dei høyrer at Surnadal kino kan freiste med to førpremierar og ein sterk dokumentar!
I september arrangerte P-17 koret, saman med kora Basarensemblet frå Kristiansund og Kvammeratene frå Molde, konsert songkveld i Todalen ungdomshus, der inntekta gjekk til eit brønnprosjekt i Gambia. Brønnen vart den kvelden kalla for «Todalsbrønnen», og det kom inn nok pengar til å få bygd ferdig brønnen.
I ei pressemelding frå Surnadal kommune, som også er lagt ut på surnadal.kommune.no, blir det kunngjort at Øyabrua i Pilskarvegen frå og med fredag 31. oktober blir midlertidig stengt for all ferdsel, inkludert gåande. Dette skjer ifølge pressemeldinga etter siste befaring av brua no i oktober.
Torsdag 20. november klokka 19:00 inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til sesongavslutning på Hammerstuene. Her blir det servert Lulens gryterett, dessert og kaffe.
Sist onsdag hadde Pensjonistforbundet Surnadal invitert til nok eit medlemsmøte. Anne-Sissel Ulven Mogstad har sendt oss ein liten rapport frå medlemsmøtet ein kan lese nedanfor:
Det var fullt hus og storslått feiring da Eiksenteret Surnadal fredag markerte opninga av det nye Eiksenteret i Røtet. Anlegget har kosta bortimot femti millionar og er eitt av elleve Eiksenter som utgjer Eiksentra i Mid-Norge.
I samband med Eigenberedskapsveka ønsker Sanitetsforeningane i Todalen og Surnadal, saman med Svorka ønsker å rette søkelyset mot eigenberedskap og beredskapsven. Eigenberedskapsveka blir arrangert i uke 44, som er neste veke (27.10. – 2.11.25).
Etter fleire år med berre digital innsamling og med til dels dårlege innsamlingsresultat, besstemte styret i Surnadal frivilligsentral og dagleg leiar for sentralen seg, saman med fleire frivillige organisasjonar for at det skulle vere fysiske innsamling med bøsseberararr under årets TV-aksjon i Surnadal kommune. Inntekta frå årets TV-aksjon går til Atlas alliansen, som er ein paraplyorganisasjon som består av åtte organisasjonar for og av funksjonshemma.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir blir det servert kjøttpølse med potetball, gulrot, kålrot , poteter og løkfeite.
Norske filmar skapar høg temperatur på Surnadal kino for tida, og det vil bli varmare og varmare. Det er framleis muleg å få med seg Affeksjonsverdi, Blücher og One battle after another. Men ein må kaste seg rundt om ein vil sjå desse, kvar på sitt vis, gode filmane.