Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til basar med tombola

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 4. november 2025
Stangvik Grendalag inviterer alle store og små til årets koselegaste basar i Bondehuset i Stangvik laurdag 22. november klokka 16:00. Her blir det eit variert program og aktivitetar for alle. 
 
Det blir stort basarbord med mange fine gevinstar, tombola og åresal med fine gevinstar.
 
Det blir også pilkast, ballkast og luftgeværskyting med premie til beste junior og senior. 
 
Som vanleg er det gratis servering av kaffe, saft, kaker og anna godt!
 
 
Vil ein sikre seg lodd allerede no, er det berre å Vippse til 115934 (BASAR). Pris pr. lodd er kr. 25,-. Husk  å skrive namnet på den lodda skal stå på!
 
Inntekta frå basaren går til drift og vedlikehald av Bondehuset.
 
Stangvik Grendalag ønsker velkommen til ein hyggelig ettermiddag med moro, premiar og god stemning!
 
Publisert: 4. november 2025, 17:27