Nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje
Søndag 31. desember kl 16.00 er det nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, er liturg. Dåpshandling. Takkoffer til Kirkens SOS. Alle er velkomne til gudsteneste.
Vi fann 455 artiklar i dette arkivet.
Søndag 31. desember kl 16.00 er det nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, er liturg. Dåpshandling. Takkoffer til Kirkens SOS. Alle er velkomne til gudsteneste.
Det var ei flott og stemningsfull julegudsteneste i kyrkja i dag – med Kirsti Hjørnevik som liturg, Bernt Bøe som organist og musikalsk innspel frå Torgeir Leivdal på fiolin. Det var godt over hundre sambygdingar og tilreisande som deltok i årets julegudsteneste.
Julaftan – 24. desember – blir det tradisjonell gudsteneste i Todalen kyrkje. Det er Kirsti Hjørnevik som held gudstenesta, som startar kl 14.00 – ein halv time seinare enn tidlegare annonsert i kalenderen.
Nystarta «Prosjekt 17» byr på julemusikk for kvar smak når dei inviterer til konsertar i Todalen og Åsskard kyrkjer søndag.
– Kom og syng julesongar med orkester og med oss! seier arrangør-koret. Forsamlinga er nemleg viktig aktør i opplegget – samtidig som solistar, kor og musikarar lovar både julegospel og smak av oratorium.
Desember er tid for julekonsertar – både i kyrkjehus og andre plassar. For prosjekt 17-koret er det ikkje noko unntak, for dei ligg no i hardtrening fram til julekonsertane i Todalen kyrkje og i Åsskard kyrkje no søndag 17. desember. Det er enno halvanna veke att, og no er det hardkjør med øvingar.
Rindalingen Jo Sverre Sande, eller Jo Sverre som er artistnamnet hans, samla bra med publikum til konserten sin i Todalen kyrkje i kveld. Sammen med gitaristen Bendik Brevik fikk vi ei flott musikalsk forestilling som begeistra tilhørarane som belønna artistane med rikeleg med applaus. Jo Sverre var deltakar på låtskrivarseminaret i sommar, og ein av melodiane «Ostoppele» kom til verda under opphaldet på Todalshytta.
Søndag var det domssøndag, og familiegudsteneste i Todalen kyrkje. På denne dagen var det også utdeling av 4-årsboka som nærast er ei «arbeidsbok» for 4-åringane som eit ledd i trusopplæringa i kyrkja.
Søndag 26. november kl 11 blir det familiegudsteneste i Todalen kyrkje. Da blir det utdeling av 4 og 6-årsbok, og takkoffer til trusopplæringa. Prest under gudstenesta blir Bjørn Hovde. Etter gudstenesta blir det kyrjekaffe.
Sett av torsdag kveld 30. november! Da kjem Jo Sverre med konsert i Todalen kyrkje, med start kl 19.30. Jo Sverre har svinga seg opp, og har vorte utruleg populær. Han deltok for øvrig på Raus-konserten i 2017. No kan du alstå få høre han i Todalen kyrkje.
Søndag feirar mange kyrkjer Allehelgensgudsteneste. Dette er ei messe med preg av både vemod og håp. – Kanskje blir den litt einsidig forstått som berre minnedag for dei vi har mista siste året, seier Torbjørn Brøske, som skal leie gudstenestene i Stangvik, Todalen og Åsskard. – Dagen dei gamle kalla Helgemesse, er jo ei høgtid mynta på heile kyrkjelyden, understrekar han. Brøske gjer for tida teneste ved Sjømannskyrkja på Gran Canaria, men er på heimebane denne helga. – I Todalen kyrkje blir gudstenesta søndag kl 14.00.
Kristian Settem vart takka med blomster og gåve under gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag. Han sluttar no som kyrkjetenar etter eit kvart hundreår i kyrkjeleg arbeid.
Laurdag kveld arrangerte soknerådet i Todalen konfirmantfest i Ungdomshuset; – her var både dei som vart konfirmerte i 1967 og dei som skal konfirmerast våren 2018 inviterte. Det var godt oppmøte både av konfirmantar med familie og bygdefolk, og det vart ein triveleg kveld.a