Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det er mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn…..

Jon Olav Ørsal Måndag 23. april 2018

Etter ein lang og kald vinter er det fint å kunne rydde og rake vekk kvistar, lauv og gammel fynne.  Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og på kyrkjegardsdugnaden vart det atskillig mange trillebårlass rund på heile kyrkjegarden. – Vi var utruleg heldig som fikk så god hjelp til ryddedugnaden vår, sa soknerådsleiar Britt Mossing som kunne registrere eit førtitals deltakarar på kyrkjegardsdugnaden.

Når du er så mange går jobben fort unna, og dugnadsgjengen kunne dele seg på forskjellige oppdrag rundt heile kyrkjegarden. Det var mange som raka plen, medan nokre retta opp gamle gravstøtter som stod på «begg». Elles fikk blomsterbeda ein omgang, og elles vart det rydda både innafor og utafor steinutgarden. 

Einy rendal Elgsæther og Anders Gjeldnes hadde godt lag med riva. Foto: Jon Olav Ørsal

I løpet av knappe to timar var jobben gjort, og dermed vart det klart for dugnadskaffe, der det vart traktert med nystekte bakels og mykje anna godt. Soknerådsleiaren takkar for god deltaking og skrytte av mannskapet sitt – det er ikkje farleg når ein berre kan sette inn ei melding på Todalen.no, så kjem det førti personar og hjelper til med våronna! Iallfall er det rydding og fint rundt på kyrkjegarden til konfirmasjonen i helga som kjem.

Publisert: 23. april 2018, 20:18