Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin felles 50-årsmarkering

Britt Mossing Måndag 22. oktober 2018

Laurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida.
I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest Karl Jacobsen.  

Konfirmantane frå Todalen: Karl Johan Haldorsen, Sissel Ingjerd Brusethaug Redalen, Jan Ludvik Rendal, Sidsel Kalseth Heimlund, Terje Nordvik og Bjørgulv Øyen.

Stangvik: Kjetil Kvande, Ola E. Gjeldnes, Hallvard Haugen,  Anne Margrete Nyheim, Martinus Ranheim, Ingun Nordvik Rimstad, Else Marie Nyheim, Marvin Røen og Roald Røe.

Det vart ein hyggeleg kveld med god middag; svinegryte med potetstappe, kaffe og blautkake.
Samtalen gjekk lett rundt borda. I år har det vorte tilsett både ny prest, Kristin Strand og ny organist, Hedda Hansen Berg. Desse var med på markeringa, og songen gjekk lett med tonefølgje frå Hedda. 
Quizen i år sette verkeleg kunnskapen om året 1968 på prøve, der det var intens diskusjon i gruppene.

Gudstenesta på søndag.

Søndag var det gudsteneste med hausttakkefest. 4H hadde pynta med haustens grøde. 50-årskonfirmantane var spesielt inviterte, og årets konfirmantar starta på si trusopplæring. Dei ønskte velkommen til gudstenesta, og delte ut bøker ved inngangen. Dei var og med og ringte med kyrkjeklokkene. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe.

 

Først publisert: 22. oktober 2018, 05:32 - Sist oppdatert: 21. oktober 2018, 20:40