Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varm velkomst for ny organist i Todalen kyrkje

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. august 2018

Under gudstenesta søndag 5. august debuterte Hedda Hansen Berg som organist i Todalen kyrkje. Før gudstenesta var ho spent, men ho greidde organistjobben riktig bra! Det var både godt og lett å synge med når ho spela. Og samarbeidet mellom prest og organist fungerte godt.

Den nye organisten ved pianoet. Foto: Dordi J H

Denne søndagen brukte Hedda pianoet, da orgelet ikkje er riktig klart til bruk etter opp-pussing og stemming. Både presten Kristin Strand og leiar i soknerådet, Britt Mossing, ønskte Hedda Hansen Berg velkomen som organist i soknet. Dei gledde seg over at det no endeleg vart fast organist igjen; det har gått både vinter og vår sidan Bernt Bøe eigentleg pensjonerte seg. Hedda er tilsett i 60 % stilling som organist, og ho held også fram i deltidsstilling som musikklærar ved Atlanten vgs i Kristiansund. Hedda er utdanna pianist, ho starta pianistkarrieren ved kulturskulen i Surnadal, seinare har ho vore elev ved Atlanten vgs, og ho har studert ved NTNU Institutt for musikk og ved Royal Scottish Academy of Music and Drama. Vi ønskjer Hedda lykke til i den nye jobben!

Dåpsbarnet Ingrid i lag med mor Toril, presten og far Eduard. Foto: Dordi JH

Dåp

Ei av dei viktigaste hendingane i kyrkja er dåp, ei kyrkjeleg handling med takk og glede. Denne søndagen vart Ingrid  bore til dåpen av storgolmå Line Marie. Ingrid hadde med seg eit stort dåpsfølge av fadrar, besteforeldre, tanter, onklar, søskenbarn og vener. Det var ei høgtideleg og rørande stund ved døypefonten, og dåpsbarnet sjølv tok det med knusande ro under heile seremonien.

Presten viste fram dåpsbarnet til kyrkjelyden. Foto: Dordi J H

Dåpsbarnet i lag med foreldre, fadrar og søskenbarn. Foto: Dordi J H

Preike

Preiketeksta 11. søndag i treeiningstida er frå Markusevangeliet, kapittel 2, vers 23 – 28. Presten heldt ei interessant og tankevekkande preike. Treeiningstida kjem etter «festhalvåret» i kyrkja, og er eit «arbeidshalvår» med åndeleg vekst som tema i kyrkja. Dette er symbolisert med grønt som liturgisk farge. Gudmund Husby var tekstlesar, og det var ofring til Kyrkjebladet og nattverd.

Audun frå Stangvika er sommarvikar og driv mest med måling og grasklipping, men i dag var han kyrkjetenar. Foto: Dordi J H

Det var riktig godt oppmøte ved gudstenesta denne søndagen i Todalen kyrkje. Neste gudsteneste her er søndag 9. september, og da er det presentasjon av årets konfirmantar.

 

 

Publisert: 5. august 2018, 20:49