Sporty at dere kom på konsert….
Johanna Demker tykte det var sporty at publikum stillte opp på utekonsert på Todalshytta laurdag kveld. For sjølv om nordvesten kom med 26 mm nedbør i løpet av eit par timar, klarte ikkje vêret å stoppe konserten som var tillyst på Todalshytta. Rett nok vart konserten ein time forsinka, men konsert vart det.