Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt fjøs på ein dag….

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. august 2016

Litt overdrevet det da kanskje, men veggane kom iallfall opp på ein dag.  Det er i Austistua det pågår bygging av nytt mjølkefjøs i sommar, og etter at grunnarbeid og fundamentering er gjort unna var det onsdag klart for å få på plass veggelemente som er produsert hos MøreRoyal i Surnadal. På føremiddagen i går dukka det opp eit stort vogntog, som hadde mesteparten av veggelementa på lasset.

Elementa vart heisa på plass og montert på direkten. Foto: Jon Olav Ørsal

I løpet av dagen kom alle veggelementa på plass og var montert saman. Foto: Jon Olav Ørsal

Lastebilen var sjølvsagt utstyrt med ei stor kran, som løfta elemente på plass for montering, medan snekkarane frå Consto Surnadal monterte dei saman.  Før mannskapet tok kvelden var veggane montert, og no er det takstolar som står for tur. Onsdag var det også travelt med legging av element til spaltegolvet. Spaltegolvet er også eit lokalt produkt som har sitt opphav på Rindalsskogen.

Nokre bildeglimt frå monteringa av fjøselementa finn du i galleriet nedafor.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 11. august 2016, 10:53