Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Olav satsar friskt – bygger ut fjøset

Jon Olav Ørsal Måndag 27. juni 2016

I Austistua skyt nyfjøset til værs – ei ny avdeling på 600 m2 skal bli nytt fjøs for mjølkekyrne, medan gammelfjøset skal huse ungdyr og forsentral. 1. oktober skal det være innflyttingsklart, dersom alt går etter plana. Da er det investert rundt 7,0 mill i ny bygning, mjølkerobot og anna utstyr. Frisk satsing i ei tid med stor uforutsigbarhet i jordbruket.

Olav har tenkt seg om både lenge og vel, faktisk har han arbeidd med planene for nytt fjøs i 10 år. – Skal ein være med vidare må ein satse, det har eg ikkje noko val på. Undervegs i prosessen har han snudd alle steinar, og vurdert driftformer og løysingar. Han har hatt mang ein diskusjon med folk både i Tine og landbruksavdelinga i fylket før han bestemte seg på å satse åleine. For ein månads tid sia starta grunnarbeidet, og tysdag blir betongarbeidet med gjødselkjellaren og skiljeveggar ferdige og da er det klart for å montere elementene til det topp moderne trefjøset.

Fjøstegning_1568

Nyfjøset er på 600 m2 – ei investering på rundt 7 mill – skal være innflyttingsklart 1. oktober dersom alt går etter plana.

I det nye fjøset blir det plass til 42 mjølkekyr med lausdrift og ei «velferdsavdeling» med plass til 10 dyr for kalving og sjukeoppsyn. I det gamle fjøset blir det som sagt forsentral og plass til 60-70 ungdyr.  Som sagt har Olav bestemseg for å investere i ein mjølkerobot. Det er dyrt, men det gjer at eg kan få eit normalt liv og ein kvardag som gjer at eg kan få ei strukturert fritid som gjer det muleg å f.eks være med dei to gutane Trygve Alexander og Edvard på fotballtrening og andre aktivitetar.

Snekkarane_Consto_1581

Consto Surnadal er hovudentreprenør for fjøsprosjektet. Frå venstre Henrik Blekken (formann) Eldbjørg Aakvik, Stian Brauten, Jonas Holten, Adre Øye, Svein Ola Fiske, Olav Halle og til slutt Ronny Kvande som kjem frå Kvande betongservice. – Ein dyktig gjeng som står på, kommenterte Olav.

Olav fortel at han har satsa på lokale leverandørar til det nye fjøset. Det er Consto i Surnadal som er hovudentreprenør, medan MøreTre har levert elementa til trefjøset, Felleskjøpet/DeLaval kjem med mjølkerobot og fjøsinnreiing, Næss Rør har rørleggararbeidet, AS Elektro har elinstallasjon, Vibo har levert betong, Røv Mølle har levert mjølsilo og Per E. Gjeldnes maskin har gjort grunnarbeidet.

 

 

 

Publisert: 27. juni 2016, 21:00