Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 906 artiklar i dette arkivet.


Ny leiar i Todalen Sanitetsforening

Ny leiar i Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Torsdag 7. februar 2013

Tirsdag kveld var det årsmøte i Todalen Sanitetsforening, der det vart nokre endringar i styresamansetjinga. Åse Ville Redalen takka for seg etter 10 år som leiar i laget, og årsmøtet valde samstemt Maren Ansnes som ny. Ho gjekk opp frå nestleiarplass, og denne vart erstatta av Ingrid Pedersen. Saniteten hadde lagt eit aktivt år bak seg, men blandt anna oppussing av ytterste utleigeleilighet og måling av heile Sanitetshuset. Godkjent regnskapet viste totalte utgifter som huseigar på nesten 169 000 kroner, medan totale utgifter for 2012 kom seg på vel 268 000 kroner. Likevel gjekk laget med eit overskot på vel 14 000 kroner.

Les heile saka

Oppstart strikkekaffe

Oppstart strikkekaffe

Elinor Bolme Torsdag 24. januar 2013

Laurdag er det klart for strikkekaffe i Sanitetshuset  igjen for dei som kanskje har savna det. Der blir det som vanleg rom for sosialt samvær med litt enkel servering til seier initiativtakar og laurdagens vertinne Åse Ville Redalen. Her er det fleire prosjekt å delta på, om ein ikkje har noko garn på strikke- eller […]


Legevaktordninga oppe til debatt

Legevaktordninga oppe til debatt

Elinor Bolme Onsdag 9. januar 2013

Todalen Sanitetsforening starta i går kveld opp att med nok eit aktivt sanitetsår. På årets første medlemsmøte fekk dei attpå til storfint besøk frå Surnadal kommune, representert av assisterande rådmann og kommunalsjef Gunnhild Eidsli og leiar i Helse- og Omsorgsutvalet og varaordførar Lilly Gunn Nyheim. Bakgrunnen for dette besøket var at Todalen Sanitetsforening før jul sendte formannskapet i kommunen ein uttale vedrørande gjennomgangen av den nye legevaktordninga som skal opp til vurdering i formannskapet no på februar.

Les heile saka

To heldige vinnarar

To heldige vinnarar

Elinor Bolme Måndag 10. desember 2012

I går ettermiddag arrangerte Todalen Sanitetsforening sitt årlege førjulstreff med utdeling av «Barnets lykkeskilling». I år var det tre småtassar som var født i Todalen; Ingvar Redalen Ortega, Lars Ailo Gjeldnes og Ronja Strømme. Her vart det servert nissegraut med «mandel» i til unganes store fornøyelse, medan dei etterpå kunne trekke seg litt bort og […]

Les heile saka

Førjulstreff i Sanitetshuset

Førjulstreff i Sanitetshuset

Elinor Bolme Sundag 9. desember 2012

I dag arrangeres det tradisjonelle førjulstreffet med utdeling av lykkeskilling og sosialt samvær i Sanitetshuset. Her er dei ungane som er født i 2012 spesielt inviterte. Saniteten serverer nissegraut, mens det også i år vil bli eit lite juleverksted for dei minste.

Les heile saka

Todalen Sanitetsforening hedra med pris

Todalen Sanitetsforening hedra med pris

Martinus Torvik Torsdag 29. november 2012

Surnadal Pensjonistlag avviklet årets Julemiddag på Folkehøgskolen i dag, 29. november. Dette er et populært førjulsselskap som samler mange godt voksne kvinner og menn, i år tett oppunder ett hundre. Attåt god julemat hadde vi musikkinnslag og allsang samt et kåseri av ordføreren i Halsa, Ola Rognskog.

Les heile saka

Vel framme i Estland

Vel framme i Estland

Elinor Bolme Torsdag 29. november 2012

Todalen.no overbringer i dag ei helsing frå Jan Sturla Jensvold i Estlandsforeninga Midtnorge til alle som har vore med og bidrege til ein vellykka førjulstur til Estland. Dei leverte no nylig både julegaver og innsamla klede. Todalen Sanitetsforening er fast bidragsytar; med klesinnsamling på våren og julegavar på november.

Les heile saka

Death by Dior – kjøp lodd!

Death by Dior – kjøp lodd!

Jon Olav Ørsal Laurdag 24. november 2012

Todalen Sanitetsforening driv no med førehandssalg av loddar på eit fint maleri dei har fått til utlodding med kunstnaren Ingun Redalen White. Trekkjinga skjer på adventskafeen i Sanitetshuset den 9. desember. Da Todalen.no var innom Matkroken L.Hals var det ledaren i Todalen sanitetsforening, Åse V. Redalen som sørga for loddsalg til iherdige kjøparar.

Les heile saka

Trufaste strikkarar

Trufaste strikkarar

Elinor Bolme Sundag 4. november 2012

I går var 14 trufaste damer nok ein gong samla i Sanitetshuset på Strikkekaffe. Dei samlast omlag 3. kvar laurdag, nokon med, andre utan handarbeid. Her utvekslar dei tips og råd etter mange års erfaring med masker på pinnar. Snittalderen er ganske høg, så erfaringa er nok også proposjonalt med den, men ikkje for det, her er det absolutt plass for alle i alle aldrar. Og er det nokon som treng hjelp, er det stort sett nokon som kan vere behjelpeleg med det i denne forsamlinga.

Les heile saka

Mange givarglade på basar

Mange givarglade på basar

Elinor Bolme Måndag 15. oktober 2012

Todalen Sanitetsforening arrangerte i går sin årlege basar. Her var det stort oppmøte av bygdafolket, noko som resulterte i nesten 39 000 innkomne kroner. Sanitetsforeninga hadde heile tre ulike basarbord; der det eine med nesten 60 gevinstar var ei forlenging av hovudlista, medan «Dagen bord» og «Barnebordet» kun vart solgt under sjølve basaren

Les heile saka

Kjøp lodd! – basar søndag ettermiddag.

Kjøp lodd! – basar søndag ettermiddag.

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. oktober 2012

Todalen sanitetsforening arrangerer basar i Sanitetshuset søndag frå kl 14, med trekning kl 17.  Det er og høve til førehandskjøp av lodd på Matkroken L. Hals i dag, laurdag. Elinor og markus skal selje lodd utover dagen i dag, og dei fortel at det er eit stort antall gjevinstar av mange slag på basaren søndag. Der […]


Sanitetsbasar

Sanitetsbasar

Elinor Bolme Sundag 7. oktober 2012

Søndag 14. oktober er det klart for sanitetsbasar igjen. Den blir som før arrangert i Sanitetshuset og startar kl 14, med trekning kl 17. Kommande veke vil det i den anledning bli førehandssalg, både på butikken og rundt bygda.

Ellers melder styret i Todalen Sanitetsforening at dei i år også kjem til å sende julegavar nedover til Estland.

Les heile saka