Basarinntekter til nesten 49 000 koner
Tre bugnande basarbord og eit godt utvalg på kjøkkenet gjorde sitt til at årets basar arrrangert av Todalen Sanitetsforening fekk inn nesten 49 000 kroner i Sanitetshuset i går ettermiddag. Ein solid jobb med å skaffe gevinstar gjorde at alle tre basarbord fekk mykje solgte lodd. Saniteten hadde også i år eit ege «Dagens bord» der det var kun dagens besøkande som tok lodd. Dette gjer at ikkje riktig alle gevinstane går ut på felleslista, som stort sett er vanleg ved slike tilstelningar. Også barnebordet var populært, der det er loddsalg for ungar opp til 12 år som kan vinne.