Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lars Løseth gir bort deler av pris til Todalen Sanitetsforening

Elinor Bolme Torsdag 14. januar 2016

Under Surnadal Sparebanks Næringslivsdag i dag, vart Lars Løseth tildelt bankens Utviklingspris. Med det mottok han ein sjekk på 25.000, penger han straks ga viare til fotballen i Surnadal og til Todalen Sanitetsforening, skriv Trollheimsporten på nettsida si no.

Leiar i Todalen Sanitetsforening, Maren Ansnes blir stille i telefonen når ho får beskjeden. Etter ho får summa seg litt kan ho ikkje anna enn å seie at dette er jo berre fantastisk!! Todalen Sanitetsforening er ydmyk over ein slik generøs gåve nok ein gong, med prisen frå Svorka før jul godt i minnet. -Det varmar at vi får denne oppmerksomheita, og ikkje minst at mange no legg merke til arbeidet vi driv med, seier ho.

Les heile saka frå Trollheimsporten her: Lars Løseth fikk årets Utviklingspris – ga den videre

 

Publisert: 14. januar 2016, 15:14