Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Prøveprosjekt: «miniloppis»

Elinor Bolme Torsdag 3. mars 2016

Todalen Sanitetsforening går no nye vegar for å få inn alternative kroner til drift av laget. Tirsdag 22. mars klokka 12 åpnar dei dørene i Sanitetshuset og selger bomkjøp for ein billeg penge. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå å gjere med, om ein vil lette litt på lagerbeholdninga si..

Har du noko som kan egne seg, men du synes er for gale å kaste kan det leverast i Sanitetshuset måndag 21. mars kl 17-18.

Kva kan leverast:

  • klær dame
  • sko dame
  • vesker
  • accesories

Tenkt pris var 50 kroner per del. Og det må være både reint og heilt. Det som ikkje blir seld, blir sendt til Estland etter påske.

Først publisert: 3. mars 2016, 19:00 - Sist oppdatert: 7. mars 2016, 14:30