Kom med overskuddslageret ditt!
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er allerede i morgon mellom klokka 17 og 20 i Sanitetshuset.
Vi fann 953 artiklar i dette arkivet.
Todalen Sanitetsforening arrangerer også i år innsamling av kleder til Estland i sammarbeid med Estlandsforeninga og ekteparet Jensvoll fra Rindal. Dato er allerede i morgon mellom klokka 17 og 20 i Sanitetshuset.
Omsorgsberedskap Todalen sanitetsforening inviterer bygdafolket til ny middagsservering i sanitetshuset tirsdag 25.april kl.13.00.
Todalen Sanitetsforening forsøker seg på ein ny runde med bomkjøploppis måndag 17. april mellom klokka 18 og 20. Og da treng dei naturleg vis hjelp med salgbare lopper. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå å gjere med, om ein vil lette litt på lagerbeholdninga si. Så om du har noko som kan egne seg, men synes er for gale å kaste kan det leverast enten til Ragnhild Ansnes Moe eller Åse Ville Redalen innan søndag kveld.
Kløverturen måndag 3. april blir på Kvennset. Oppstart frå Matkroken kl. 11.00. Turen går innover skogsvegen frå Sanitetshuset, eventuelt oppover til Løfta og Sissihaugen.
6 ivrige deltakarar møtte opp på det uformelle datakurset som var arrangert i Sanitetshuset i går kveld. Her var det ope for alle problemløsingar som den enkelte måtte ha. Og derfor hadde deltakarane med seg eigne bruksenheiter, slik at lærdommen vart mest muleg nyttig.
Treng du hjelp til småting med pc’en din? Eller lurer du på korleis vipps virkar? Eller korleis du lagrar vedlegget frå siste styremøte? Da kan du ta turen til Sanitetshuset onsdag kveld klokka 19 og få litt enkel innføring i ulike ting DU lurar på.
Kløverturen måndag 27. mars blir ute i Gammelvegen – deler av Svinvikrunden.
Laurdag klokka 13 arrangerer Todalen Sanitetsforening strikkekaffe i Sanitetshuset igjen. Dette er ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan, om du berre vil komme for eit triveleg selskap ein laurdags ettermiddag.
Måndag 13. mars går Kløverturen utover Ansnesvegen.
Kløverturen måndag 6. mars er lagt til Øyalia. Oppmøte ved Matkroken kl. 11.00, og derifrå blir det samkjøring med bil opp til Ungdomshuset.
Siste Kløverturen i februar gjekk i retteleg fint og godt ver, sol og mestå vårstemning ute i Stranda. Som vanleg var det start frå Matkroken. Deretter gjekk turen utover Todalsvegen; over Rossåbrua og langs fjorden utover til raset.
Måndag 27. februar er det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen denne gongen blir etter veg – frå Matkroken utover Stranda til kraftstasjonen, tilbake ned til smoltanlegget og rundt i Sissigrenda.