KløverRUSLEtur på Kvennsetøran
Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 24. september. Denne gongen blir det base ved Sanitetshuset, og så kan ein gå tur i byggefeltet, utover til Småbåthamna eller opp til Løfta.
Vi fann 942 artiklar i dette arkivet.
Sanitetsforeninga inviterer til Rusletur måndag 24. september. Denne gongen blir det base ved Sanitetshuset, og så kan ein gå tur i byggefeltet, utover til Småbåthamna eller opp til Løfta.
Laurdag samlast flittige damer til strikkekaffe i Sanitetshuset. Strikkepinnane og praten gjekk lett, og det var stor aldersforskjell på yngste og eldste deltakar – heile 96 år!
I dag var det Maren sin tur til å sitje på Matkroken og selje lodd for Todalen sanitetsforening i forbindelse med foreninga sin årlege basar. Og som de ser, så støttar todalingane velvillige opp, uansett kven det er som har eit arrangement i bygda.
Onsdag var vel 500ungdommar i Surnadal samla i Storstua på Kulturhuset for å høyre helsesøster Tale Maria Krohn Engvik eller meir kjent som «Helsesista» blandt ungdommen. For 4. året på rad inviterte sanitetsforeningane i Surnadal elevane ved Surnadal ungdomsskule til eit meiningsfylt foredrag som berører ungdommane sine kvardagar.
Laurdag 15. september inviterer Sanitetsforeninga til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne til sosialt samver med handarbeid, triveleg prat og kaffelag!
Etter plaskregn i natt vart det sol og godver for damene på Kløverrusletur i Øyalia. Her var det tur etter fin skogsveg, somme gikk langt og andre tok ein rusletur.
Måndag 3. september blir det Kløvertur til eit heilt nytt turmål, nemleg Øygardshalsen som ligg litt opp og ut for skianlegget på Vang. Dette er ein fin og lett tur i relativt flatt terreng, men når ein kjem opp til trimposten, er det fin utsikt. Utgangspunkt for turen er klubbhuset til Søya på Vang. Lengde på […]
Sjølv om det var nysnø i fjella, litt grått og surt, så ville kløverturgjengen oppå Tjønnmyra på tur. «Vi er godt kledde,» sa dei vaksne, men spreke og tøffe damene på 80 og 90 år +! Og det vart både trimtur, kaffelag og til slutt allsong av Todalssongen – ein retteleg triveleg føremiddag.
Det er haust i lufta, og det er godt å samlast innomhus igjen. Todalen sanitetsforening inviterte siste laurdagen i august til strikkekaffe i Sanitetshuset. Her var det godt oppmøte, og 16 – 17 damer hygga seg med handabeid, god prat, kjempegode kaffebrød og kaffe.
No er det på nytt tid for ein RUSLETUR. Sanitetsforeninga inviterer til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå måndag 27. august. Her er det fine, faste grusvegar å gå etter, og det er fint å ta seg fram både med rullator, krykkjer eller stavar. Her kan ein gå kort eller langt, ta ein rundtur eller berre rusle fram og tilbake, gå på flate marka eller ta med eit par motbakkar. Etter trimturen blir det kaffelag med graut og bakels i gapahuken.
Todalen sanitetsforening inviterer til stikkekaffe laurdag 25. august kl. 13.00 i Sanitetshuset. Alle er velkomne til sosialt samver, triveleg prat og kaffelag!
Måndag 20. august blir det ny Kløvertur. Da blir det ein runde i Toåa tursti. Her er det god stiga og fint å gå.