Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg med Fredrikkekaffe!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 9. februar 2019

Det var fullt rundt salongborda i Sanitetshuset under Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Ikkje mindre enn 23 handarbeidsglade kvinner tok pause frå vintersporten i fjernsynet for å møtast til triveleg samvær. Her gjekk praten livleg og strikkepinnane fort!

Flittige hender. Frå venstre: Eli, Sissel Ingjerd og Liv Ellen. Foto: Dordi J H

Det er utruleg kjekt at det kjem folk frå nabobygdene når Sanitetsforeninga arrangerer Fredrikkekaffe; både frå Nordvik, Nedre og Øvre Surnadal og frå Ålvundeidet. Tora kom heilt frå Ålvundeidet, ho vart fødd i Todalen i 1940. Da ho var ni år gammal, flytta ho i lag med familien til Ålvundeidet. Men banda til Todalen og folket her er framleis sterke, så da dottera Toril spurde mor si, Tora, kva ho ønskte seg til gjebursdagen no i februar, var svaret todalstur og Fredrikkekaffe! Tora strikka på eit fint vognteppe, men størst er produksjonen av lestar på Fredrikkekaffeen, sjølvsagt blir det også laga strikkejakkar, genserar, grytklutar og andre fine saker. Og så er det ein og annan som tek det heilt med ro og let hendene kvile, godt det og.

Fredrikkekaffe er eit populært tiltak. Frå venstre: Anne Helene, Åse Johanne, Tora, Grete. Foto: Dordi J H

Sjølvsagt var det kaffepause, til kaffien vart det servert nydeleg graut og kjempegode bakels!

Neste Fredrikkekaffe er laurdag 3. mars.

Kjekt å treffast! Frå venstre: Synnøve, Jorunn N og Jorunn R. Foto: Dordi J H

Kari og Åse var vertinner i dag. Foto: Dordi J H

Frå venstre: Margit, Randi, Ingunn, Eli, Sissel Ingjerd, Liv Ellen, Helen. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 9. februar 2019, 19:24