Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 907 artiklar i dette arkivet.


Strikkekaffe på laurdag – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. mars 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.


Fredag og laurdag blir det sal av fastelavnsris.

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. februar 2019

Førstkomande søndag, 3. mars, er det fastelavn, og til fastelavnssøndag skal det etter tradisjonen pyntast med fastelavnsris. Todalen sanitetsforening vil selje pynta ris fredag 1. og laurdag 2. mars framfor Hals. Sal av fastelavnsris er ei viktig inntektskjelde for Norske Kvinners Sanitetsforening både lokalt og sentralt. Mykje av pengane som kjem inn, blir mellom anna brukt til forskning på kvinnehelse. NKS gir kvart år heile 10 – 12 millionar kroner til forskning!


Ruskver og regn, men tur blir det likevel!

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. februar 2019

Sjølv om det var ruskver og regn stilte heile sytten trimglade «jenter» til trimtur måndag 25. februar, og det var både godt, friskt og triveleg å vere ute på Kløvertur!


Kløvertur innover Ramsøydalane, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. februar 2019

Måndag 25. februar blir det Kløvertur innover Ramsøydalane. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11.00. Samkjøring oppover til Bakkan i Halagrenda der det blir parkering ved garasjen. Grusvegane er våte og litt blaute no, så det er lurt med gode sko.


Kløvertur i nydeleg ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. februar 2019

Måndag 18. februar kom med nydeleg ver; sol og mild vind – eit lite streif av vår! På Kvennsetgarden har dei no lang solgang, og i dag gjekk heile Kløverturen i sol.


Kløvertur – du er invitert til å bli med ut og gå!

Dordi Jorunn Halle Sundag 17. februar 2019

Sanitetsforeninga minner om at det er Kløvertur måndag 18. februar. Oppmøte ved Hals, turstart kl. 11.00. Yr melder godt ver, kanskje sol til og med! Turrute blir bestemt ved oppmøte, denne gongen skal det vere tur utan glatt underlag.


Fin tur i snøfokk!

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. februar 2019

«Godt folk har godt ver!» heiter det, men det stemmer slett ikkje alltid, for under Kløverturen måndag 11. februar var det ikkje godver, men både kraftige snøelingar og vind. Men forresten så var det da riktig godt å vere ute i det friske veret!


Kløvertur i Øyalia?

Dordi Jorunn Halle Sundag 10. februar 2019

Måndag 11. februar er det plana å gå Kløvertur etter skogsvegen i Øyalia. Oppmøte ved Hals og start derifrå kl. 11:00. MEN: Yr melder snø og litt vind, så det kan bli aktuelt å legge om turruta.


Triveleg med Fredrikkekaffe!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 9. februar 2019

Det var fullt rundt salongborda i Sanitetshuset under Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Ikkje mindre enn 23 handarbeidsglade kvinner tok pause frå vintersporten i fjernsynet for å møtast til triveleg samvær. Her gjekk praten livleg og strikkepinnane fort!


Strikkekaffe

Dordi Jorunn Halle Fredag 8. februar 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 9. februar i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samver med eller utan handarbeid!


Godt årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 6. februar 2019

Under årsmøtet i Sanitetsforeninga tysdag 5. februar vart kunstlotteriet for 2018 avslutta, og biletet vart trekt under nøye oppsikt av årsmøteforsamlinga. Det var seld 545 lodd, og den heldige vinnaren vart Per Reiten, og han var ikkje sein om å møte opp for å ta i mot måleriet. Per var gledeleg overraska, han synest biletet var riktig så fint og skulle nok finne ein høveleg plass til kunstverket av Sissel Storslett heime i Ørsalgeilen.


God sesongstart!

Dordi Jorunn Halle Måndag 4. februar 2019

Etter ein lang ferie med julehelg og «mørketid» gjekk første Kløverturen i 2019 av stabelen måndag 4. februar. Det vart riktig så god start på sesongen; fint ver og sola skein på Kvennsetgarden. Ho verma faktisk ganske godt! Men det viktigaste var at 14 trimmarar møtte fram første dagen! «Kjekt å gå tur i lag!» vart det sagt.