Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i haustsol

Dordi Jorunn Halle Tysdag 5. november 2019

Låg sol og høge fjell gjer at det no blir mindre og mindre sol nede i bygda. Kløverturgjengen la dermed trimturen første måndagen i november til Hjellnes. Solstrålane vart utnytta til fulle; – da kaffepausen var over, gjekk sola ned bak fjella.

På tur oppover gardsvegen til Hjellnes. Foto: Dordi J H

Turen starta frå Kammen. Derifrå gjekk turen etter gardsvegen opp til Hjellnes og vidare etter ein fin og idyllisk skogsveg innover lia mot Todalen. Det er mange skogsvegar i Hjellnesliene, så heldigvis vart Solveig Glærum med som guide.

Fin utsikt frå Hjellnes. Foto: Dordi J H

Dette vart ein riktig fin, god og triveleg turdag. «Det er kjekt å gå tur i godt lag!» – slik vart dagen oppsummert.

Neste måndag, 11. november, blir det siste Kløverturen i 2019. Viss det er sol og fint ver, blir  turen lagt til Kvennsetliene og Løfta.

Fleire bilete frå ein riktig fin dag:

Ute på tur, frå venstre: Sigrun, Kari, Arndis, Helga, Karen Johanne, Marit, Helen, Dordi, Jorunn, Solveig, Ester Karin, Torill og Tormund Olai. Foto: Dordi J H

Nydeleg å gå etter ein slik fin skogsveg! Foto: Dordi J H

Bekkene er i ferd med å fryse til. Dordi J kviler. Bak kamera: Ester Karin.

 

Publisert: 5. november 2019, 00:18