Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mange julegåver, triveleg Fredrikkekaffe og måndag Kløvertur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Laurdag 19. oktober 2019

Da er ein del av julestria alt unnagjort, i alle fall for ivrige medlemmar i Sanitetsforeninga. Laurdag under strikkekaffen vart det pakka inn mange fine strikkaprodukt til både barn og vaksne i Estland. Her var det fine ullgenserar, lestar og vottar. I tillegg var det levert inn mange ferdigpakka gåver, og ein kunne sjå på presanglappane at her var det pakkar både til familiar, barn, ungdommar og eldre. Og gåvene skal kome til Estland alt neste veke, altså i god tid før julekvelden.

Etter pakkedugnaden vart det både strikking, koseleg prat og gode bakels til kaffepausen.

Pakkedugnad. Frå venstre: Randi, May-Elisabeth, Åse Johanne, Kari og Arndis. Foto: Dordi J H

Triveleg med Fredrikkekaffe synest Jenny, Eli, Åse, Elinor, Randi, Britt, Ingeborg, May og Synnøve. Foto: Dordi J H

KLØVERTUR

Kløverturen måndag 21. oktober blir etter skogsvegen i Øyalia. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00 og samkjøring opp til Ungdomshuset. YR lovar opphaldsver, men overskya og 3 – 4 varmegrader. 

Fleire bilete:

Ingeborg, May og Synnøve synest laurdagsettermiddagane i Sanitetshuset er eit godt tilbod i bygda. Foto: Dordi J H

Spennande strikkeprosjekt!  Foto: Dordi J H

Trur innhaldet i pakkane vil bli til glede for mange. Foto: Dordi J H

Kari og Arndis viser fram ein ny, fin duk frå NKS! Nye medlemmar er velkomne! Foto :Dordi J H

 

Publisert: 19. oktober 2019, 23:30