Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening Arkiv

Vi fann 864 artiklar i dette arkivet.



Fotpleie i mars

Dordi Jorunn Halle Tysdag 10. mars 2020

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 23.mars og tysdag 24. mars.  Det er mange ledige timar båe desse to dagane. 


Fin tur langs fjorden

Dordi Jorunn Halle Tysdag 10. mars 2020

Dagens Kløvertur starta frå Todalsøra og gjekk utover langs fjorden til Ansneset. Dette er eit fint og idyllisk område, og her er det fredeleg å gå tur; lite trafikk.


Kløvertur – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. mars 2020

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 9. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Stas med Fredrikkekffe

Dordi Jorunn Halle Laurdag 7. mars 2020

Da Kvinnehelsedagen til Sanitetskvinnene vart avlyst, og det ikkje vart noko å vise på storskjerm i Ungdomshuset, vart det i staden strikkekaffe. Her var det godt oppmøte, og det vart som vanleg ein triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset.


Fredrikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. mars 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 7. mars i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00.  Alle er velkomne! Det blir servering av rundstykke med godt pålegg, kaffe og te. Utlodding blir det også!  VEL MØTT!


Kvinnehelsedagen er AVLYST!

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. mars 2020

Norske kvinners sanitetsforening melder at Kvinnehelsedagen  i Oslo er avlyst. Dermed blir også det planlagde arrangementet til Todalen sanitetsforening i  Ungdomshuset 7. mars kl 11.00 AVLYST.


AVLYST! Kvinnehelsedagen 2020 blir vist på storskjerm i Todalen ungdomshus

Dordi Jorunn Halle Fredag 6. mars 2020

Laurdag 7. mars arrangerer Norske Kvinners Sanitetsforening «Kvinnehelsedagen 2020» med kjende og dyktige forelesarar og innimellom underhaldning! Dette skjer i Oslo, men blir vist på storskjerm i Todalen ungdomshus. Overføringa startar kl 11:00. Her er alle velkomne til fagleg påfyll og inspirasjon!


Øyalia – fint turområde

Dordi Jorunn Halle Onsdag 4. mars 2020

Oppover Øyalia går det ein fin skogsveg som er godt eigna til turgåing både sommar og vinter. Det er fin stigning med slake bakkar, men bratte nok til at ein kan få opp pulsen. Vegen går i store svingar oppover lia, slik at det blir utsikt ulike retningar mot bygda og fjella. 


Kløvertur- blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. mars 2020

Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 2. mars. Oppmøte ved Matkroken Todalen og turstart derifrå kl. 11:00.

Tur  etter  skogsvegen i Øyalia


«Snøkjerringar» på tur

Dordi Jorunn Halle Måndag 24. februar 2020

Dagens Kløvertur starta i godt ver, litt opplyst og mestå glimt av blå himmel. Men i Todalen er nok veret like skiftande som det var i Granåsen i helga, altså «trønderver»! Det gjekk ikkje lange tida før snøen lava ned, men heldigvis hadde turfølget vit til å snu i tide!


Kløvertur – blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 23. februar 2020

Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 24. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og turstart derifrå kl. 11:00.