Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin kløvertur til Hjellnessetrene

Dordi Jorunn Halle Måndag 13. september 2021

Måndag 13. september, ein viktig dag i landet med Stortingsval. Kløverturgjengen starta dagen med ein fin tur til Hjellnessetrene, og det var godt ver både for valg og tur.

Godt å gå etter ein mjuk skogsveg. Synnøve, Åse og Marit sørger for at grinda blir hatt igjen på fosvarleg vis slik at sauene ikkje kjem på vidvanke. Foto: Dordi J H

Turen starta på Flata utanfor Hjellnesgardane, derifrå er det fin og god skogsveg heilt opp til seterstølen, lett og fint å gå! Men her er det mange skogsvegar og vegkryss, så det var kjekt at både Solveig og Synnøve frå Hjellnes var med på turen, slik at turfølget kom trygt fram. 

På seterstølen har Oppistua og Nestua på Hjellnes kvar si seter; her var det drift fram til 1956. No er seterstølen og liene rundt flott beiteområde for fleire hundre sauer frå Oppistua. Kjekt å møte beitedyr når ein er ute på tur.

Triveleg på seterstølen! Foto: Dordi J H

Blide turgåarar; Dordi, Synnøve og Sigrun. Foto: Marit S S

Det vart ein lang matpause på seterstølen; ei triveleg stund med god prat.

Måndag om ei veke er det ny kløvertur; da er det plana å ha rusletur på Kvennset med enkel servering i Sanitetshuset.

Fleire bilete frå ein god turdag:

Ved Oppistuskjelet! Foto: Marit S S

Kjekt å gå tur i lag, kjekt å ha pause i lag! Foto: Dordi J H

Sigrun har heile livet vore ein ivrig og aktiv turgåar, og tursekken ser vi er velbrukt! Han er frå 1980-talet da ho var med på fleire Grete Waitz-løp i Oslo. Foto: Marit S S

Samling og rådslaging på Flata før turstart, heile 14 deltakarar gjekk til Hjellnessetra. Foto: Dordi J H

Publisert: 13. september 2021, 22:51