Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur til Kårvatn, litt av kvart å sjå og oppleve!

Dordi Jorunn Halle Måndag 23. august 2021

Når ein legg turen til Kårvatn, er det på det næraste obligatorisk å vandre inn til vakre Nauståfossen. Men etter ei veke med store nedbørsmengder, og det er vått, dikete og sleipt i terrenget, vart det i dag alternativ turrute etter nye vegar i Dalalia.

Ullgrisane, Bergliot og Borghild, lika godt å bli klødde bak øyra. Foto: Dordi J H

På Kårvatn er det eit variert dyreliv – meir eller mindre eksotisk – med sauer, lama, hestar og ikkje minst to nysgjerrige og artige ullgrisar! Eit nytt bekjentskap.

Oppe i det nye hyttefeltet. Foto: Dordi J H

Her blir det ny hytte. Arvid pussa betongsolen. Foto: Dordi J H

Turen gjekk først forbi «første generasjon» med hytter på Kårvatn og inn til Plassen. Ved Ruglbekken/Sagbekken tok turfølget motbakkane fatt og opp i det nye hyttefeltet; her er hyttene arkitektteikna med spennande utforming. Oppe i feltet her var det arbeidskarar i sving – både med hyttebygging og opparbeiding av ny brønn.

Per grev og sprenger for å få på plass vassrør og brønn. Foto: Dordi J H

Idyllisk og fint å raste ved steinbordet heilt nede ved Toåa. Foto: Dordi J H

Turen vart avslutta med ein lang og koseleg matpause.

Det er godt å vere på tur slike finversdagar!

Det er godt å vere på tur i så fint og interessant turområde!

Og ikkje minst er det kjekt å ha godt turfølge!

Ny kløvertur om ei veke – du er velkomen til å bli med!

Fleire bilete:

Dordi Jorunn peikar og forklarer. Frå venstre: Sigrun, Kari, Jorunn, Arndis, Dordi J, Synnøve, Dordi F, Eli og Jean. Foto: Marit S S

Idylliske Dalahaugen i bakgrunnen. Solid bord og solide benkar. Frå venstre: Dordi J, Jean, Arndis, Synnøve, Kari, Jorunn, Eli, Ester Karin, Sigrun, Dordi F. Foto: Marit S S

Publisert: 23. august 2021, 20:45