Sosongens siste Kløvertur måndag
Måndag 25. oktober klokka 11:00 går sesongens siste Kløvertur, og den siste Kløverturen går til Toåa tursti. Oppmøte som vanleg på Matkroken Todalen klokka 11:00. Det blir kaffepause i gapahuken ved Båthølen.
Vi fann 907 artiklar i dette arkivet.
Måndag 25. oktober klokka 11:00 går sesongens siste Kløvertur, og den siste Kløverturen går til Toåa tursti. Oppmøte som vanleg på Matkroken Todalen klokka 11:00. Det blir kaffepause i gapahuken ved Båthølen.
Todalen sanitetsforening samlar også i år inn julegåver for å sende til Estland. Julegåveinnsamlinga har etter kvart vorte ein tradisjon for Todalen sanitetsforening i førjulstida, og noko dei har dreve med i mange år no. Dersom du ønskjer å bidra med julegåver, kan desse leveres måndag 1. november mellom klokka 18:00 og 19:30 og tysdag den 2. november mellom klokka 18:00 til 20:30 i Sanitetshuset eller ved å kontakte Maren Ansnes på telefon: 906 86 907.
I dag varta vêrgudane opp med skikkeleg fint haustvêr da Todalen sanitetsforening sin Kløvertur-gjeng tok turen til Toåa tursti. Etter nokre Kløverturar med skikkeleg dårleg vêr, tykte gjengen at det var godt å få ein tur der ein kjente sola varme litt att.
Måndag 18. oktober kl. 11:00 blir det arrangerer Todalen sanitetsforening Kløvertur til Toåa tursti. Oppmøte på Matkroken Todalen klokka 11:00. Det blir kaffepause i gapahuken ved Båthølen for den som vil.
I går kveld var det trekning i Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar i Todalen sanitetshus. Det vart selt 333 lodd, noko som betyr at det kom inn 33.300 kroner på saniteten sin Vipps-basar i år. Dette er eit bra resultat og er pengar som kjem godt med i Todalen sanitetsforening sitt arbeid.
I ruskevêr gjekk Todalen sanitetsforening sin vekentlege Kløvertur i dag til Toåa tursti. Åtte damer trossa vêr og vind og var med på turen, for godt med frisk luft er det uansettA Det var samling med kaffe i gapahuken ved Båthølen.
I dag klokka 10:00 starta førehandssalet til Todalen sanitetsforening sin Vipps-basar, på Matkroken Todalen. Førehandssalet på Matkroken er i dag mellom klokka 10:00 – 17:00 og i morgon laurdag 10:00 – 15:00. I år er det fellesliste, der ein er med i trekninga av alle gevinstane, og kvart lodd kostar kr. 100,-
Dagens Kløvertur gjekk til Vorpneset via Ansneset. Det var 9 damer som var med på turen i strålande haustvêr og god temperatur. Det vart og tid til ein liten kaffepause og triveleg samvær for turdamene.
Torsdag kveld inviterte Todalen Sanitetsforening til helsekveld i Todalen ungomshus, og mange møtte fram for å få med seg Kari Løvendahl Mogstad fortelje om demens, og Tonje Bjørnås, Helga Bele og Solveig Haglund fortelje om tilbodet «Inn på tunet».
Todalen sanitetsforening inviterer til helsekveld torsdag 30. september i Todalen ungdomshus kl. 19:00. Fastlege Kari Løvendahl Mogstad innleier om eit svært aktuelt tema, nemleg pårøranderolla for personar med demens og kognitiv svikt.
Siste kløverturen i september var lagt til Nordvik, og turdeltakarane var utruleg heldige med veret. Det vart ein nydeleg haustdag med sommartemperatur, gradstokken viste 20 grader.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 27. september til Haltbakken. Oppmøte ved Matkroken Todalen klokka 11:00.