Innbrudd – har du sett noko? – oppdatert sak
Døra inn til kjøkkenet på Bordholmen var i dag ramponert når Knut Bergli ankom på ettermiddagen. Dørbladet var øydelagt ved låsen, slik at ein enkelt kunne låse opp døra og ta seg inn på kjøkenet. Ingen ting ser ut til å mangle, men så er det heller dårleg med utstyr med verdi på kjøkenet fortel Knut. – Politiet er informert om saka, og dei ber om tips.