Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballturnering med pizzakalas til slutt

Elinor Bolme Sundag 10. september 2017

Laurdag var knøttelaget til  Todalen IL invitert til Grøa for ei vennskapsturnering på tampen av fotballsesongen. Fire klubbar med tilsaman 7 lag var i aksjon, og tilbakemeldingane tilseier eit topp arrangement.

Grøa IL, IL Søya og Kvass/Ulvungen stilte med (nesten) to lag kvar. Her fekk Søya låne to habile todalingar til å berge litt mannskapsmangel gjennom dagen.

Seier 14-0 i første kamp gir rom for fotballgleda:-)

Fair-playhelsing før kampstart mot Kvass/Ulvungen.

Trym og Fredrik spela i lag med kommande klubbkameratar på IL Søya.

Jens og Sivert ser på andre lag som spelar.

Søya mot Grøa.

Ingen ting gjer seg sjølv. Voksne støttespelarar er viktig. Her tre av Todalen sine ved Julia Halle, Bjørn Gunnar Ansnes og Ingeborg Myrvang bakom.

Etter tre kampar med både vinn og tap endte reisa i eit restaurantbesøk på Sunndalsøra som eit lite punktum for ein innhaldsrik sesong. Gjengen takkar Todalen IL som sponsa pizza og brus til avslutninga.

Foto: Ingeborg Myrvang og Steinar Husby.

 

Publisert: 10. september 2017, 21:05