Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Innbrudd – har du sett noko? – oppdatert sak

Elinor Bolme Torsdag 7. september 2017

Døra inn til kjøkkenet på Bordholmen var i dag ramponert når Knut Bergli ankom på ettermiddagen. Dørbladet var øydelagt ved låsen, slik at ein enkelt kunne låse opp døra og ta seg inn på kjøkenet. Ingen ting ser ut til å mangle, men så er det heller dårleg med utstyr med verdi på kjøkenet fortel Knut.  – Politiet er informert om saka, og dei ber om tips.

Har nokon leita etter verdiar både høgt og lågt?

Innbruddet har skjedd etter klokka 21-22 i går kveld, for då vart døra låst etter fotballkampen.

Er det nokon som har informasjon om øydelegginga er det berre å ta kontakt med Knut Bergli i Todalen IL.

Politiet ønskjer tips….

Ein prat med lensmannskontoret fredag morgon avslører at dei er informert om saka. – Vi vil følge med kva som skjer vidare, og kan eventuelt opprette sak på dette sjølv om saka ikkje er anmeldt foreløpig, seier Per Gjeldnes på  Surnadal og Rindal lensmannskontor.  Han oppfordrar alle som har sett noko eller har tips i saka om å ta kontakt.

 

 

 

Først publisert: 7. september 2017, 17:41 - Sist oppdatert: 8. september 2017, 10:20