Fine skiforhold på Tjønnmyra
Det meldes om fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Her er det berre å ta fram skiutstyret og få fart på blodsirkulasjonen melder Gunnar Nordvik som har ordna spor.
Vi fann 1778 artiklar i dette arkivet.
Det meldes om fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Her er det berre å ta fram skiutstyret og få fart på blodsirkulasjonen melder Gunnar Nordvik som har ordna spor.
Vi har fått ein heil serie med bilder frå aktivitetane på isen med Laila Bergli. – Det var bra med folk og god stemning, skriv ho. Temperaturen heldt seg under null, og det var fine isforhold, og det kom til og med folk «utåfrå» for å bli med på leiken. Og Julia stekte bakels slik at heile gjengen kunne kose seg i pausen..
Endeleg vart det kaldt nok til å islegge asfaltplassen på Bordholmen. Nokre dagar med kuldegrader er nok til at Todalen I.L. har laga ein fin isbane på Bordholmen, og dermed var aktiviteten alt i gang med ishockeyskeiser og køller.
Torsdag 16. november skal idrettslaget blir det rundvask på treningssentret «Hett & Svett» på Kvennset. Derfor vil det være stengt fra kl 1800 til ca kl 2000. De som får treningsabstinens oppfordres til å jogge rundt bygda, eller vente med treninga til det er ferdigvasket, skriver Todalen I.L i ei pressemelding til Todalen.no.
På ein liten og improvisert pressekonferanse i ungdomshuset fikk Todalen.no førstehands informasjon om plana for årets revyfest, der Knut Bergli representerte fotballgruppa som er arrangør og Anders Gjeldnes representerte revyleiing. Det to kunne informere at det blir tradisjonell revyvest på 3. juledag – og skrivearbeidet til revyen er for lengst kome i gang, fortalte Anders Gjeldnes som sjølvsagt ikkje ville røpe noko frå revyprogrammet enno – men han anbefaler å sette av kvelden for 3.-dagens revyfest.
Etter invitasjon fra Ann Kristin Nerland Bruset arrangerer Todalen I.L. trimgruppa og Todalen Sanitetsforening samling med instruksjon i trening, avslapping og motivasjon. Ann Kristin er daglig leder i STV, Surnadal Trenings og velværesenter, og har drevet med akkurat slike ting i hele 11 år. Nå kommer hun altså til Todalen for å dele denne kunnskapen med oss og for å hjelpe oss til å kome i gang med enkle øvelser for å holde oss i form og få et harmonisk liv. Det skjer i gymsalen i Todalen skule onsdag 8. november kl 19.00
Bortimot 100 personer møtte opp når Todalen Idrettslag inviterte til middagsservering i ungdomshuset i dag. På menyen sto bacalao og sviskergraut, og folket sette pris på både den velsmakande maten og ikkje minst ei anledning til å treffe kjentfolk på ein ellers så grå søndag.
I dag, søndag 29. oktober inviterer Todalen Idrettslag på middagservering i Todalen ungdomshus. Da er det bacalao som står på menyen, og med klippfisk frå Finnøy og Åse Ville Redalen som kjøkkensjef ligg det an til ein skikkeleg kulinarisk ettermiddag i ungdomshuset. Kl 15 blir det utdeling av krus og premier frå trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa.
Todalen Idrettslag vil gjerne at så mange som mulig av medlemmene registrerer seg som medlemmer i klubbens elektroniske medlemsregister. Todalen IL er pålagt å ha et elektronisk medlemsregister, og benytter i dag Klubbadmin, som er utviklet og driftet av Norges Idrettsforbund.
Det vart ein målrik kamp på Bordholmen i kveld når Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen fekk besøk frå G12 Batnfjord. KUST tok leiinga ved Martin Kvande-Talgø, men Batnfjord tok over kommandoen og gjekk til pause med god margin. I pausen hadde KUST fått summa seg litt, og fekk bedre dreis over spelet og hadde fleire fine nettkjenningar.
I kveld er det fotballkamp i klassen G12. Da møtes Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen og Batnfjorden til oppgjør klokka 18. Åpen kiosk.
I dag arrangerte Todalen I.L. dugnad på Tjønnmyran igjen – denne gongen var det montering av utstyr i den nye klatreparken som ligg tett attmed gapahuken. Klatreparken er laga av solid tau, som er montert saman med solide lås. Så no kan både store og små «klatremus» ta turen for å trene opp både motorikk og styrke.