Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tour de Todalen er i gang

Elinor Bolme Måndag 16. april 2018

Våren er definitivt når anmarsj, når syklistane byrjar å dra fram utstyret sitt. Vi trefte på Terje N og Torkjel på bua rett før stengjetid, klare for sykkeltur. Kanskje ikkje årets aller første, med den aller første i regi av trimgjengen som heile vinteren har treftes på Heitt & Svett for trim og sosialt samvær.

Terje og Torkjel kunne fortelje at det vil blir felles utetrening med sykkel utover våren, så lenge vêret var noenlunde brukbart. Dei oppfordra alle som ville, til å bli med. Så det er berre å møte opp ved Hals k 18.30 neste mandag oppfordra dei. Også kvinnfolk var velkome til å prøve å halde følgje..

Turen gjekk utover stranda denne dagen, og dei var på første kveld fem deltakarar. Foto: Torkjel Moe

Publisert: 16. april 2018, 21:14