Knøttetreningane startar opp att
Førstkommande torsdag startar fotballsesongen opp att også for dei aller minste. Dermed er det berre å ta fram knottsko, leggskinn og godt humør og møte opp til klokka 18 fortel Bjørn Gunnar Ansens.
Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.
Førstkommande torsdag startar fotballsesongen opp att også for dei aller minste. Dermed er det berre å ta fram knottsko, leggskinn og godt humør og møte opp til klokka 18 fortel Bjørn Gunnar Ansens.
I kveld var rundt 100 fotballglade samla i kantina på Surnadal ungdomsskule for årets Kickoff i regi IL Søya. Her var nok flest spente spelarar, men også trenarar og oppmenn var oppmøtt for å sparke i gang ein ny og innhaldsrik fotballsesong.
Våren er definitivt når anmarsj, når syklistane byrjar å dra fram utstyret sitt. Vi trefte på Terje N og Torkjel på bua rett før stengjetid, klare for sykkeltur. Kanskje ikkje årets aller første, med den aller første i regi av trimgjengen som heile vinteren har treftes på Heitt & Svett for trim og sosialt samvær.
Knall påskevær og fint øståføre gjorde at det var godt oppmøte på årets Kjerringdilt på Skihytta i dag. Lukta av nysteikte bakels spredte seg i siste motbakken inn mot hytta, der trimgruppa i Todalen Il hadde rigga seg til.
I går kveld kunne revygjengen på 7, pluss ein til låns, innkassere vel fortjent applaus etter endt forestilling av sin påskerevy. Ei oppsetning med litt innslag av jul ettersom det opprinneleg var 3.dagsrevy som låg i botnen for produksjonen.
I ettermiddag stakk vi innom ungdomshuset for å sjå korleis det gjekk med Kleftiko-kokkane. – Der dufta det godt, og dei var akkurat i ferd med å sette maten inn i steikeomnen. Så vi fikk med kokkane på eit bilete før dei smekka att steikeomnsdøra. Dei nytta og steikeomnskapasiteten på skulen og etter plana skal alt være ferdig til servering når revyfesta startar kl 20.
Når Todalen I.L. arrangerer revy så er det blitt tradisjon å servere en matrett – meir eller mindre eksotisk alt etter som. Denne gangen blir det lam og dette er selvsagt laget litt eksklusivt og dermed har du nok tippa rett – at det ikke er fårikål som kjem på bordet. Nei da, det er rett og slett Kleftiko på menyen. «Bla om», så kan du lese mer om Kleftiko….
Stemninga hos revygjengen virka for å være avslappa og kontrollert da vi tok ein visitt revygjengen som øver i ungdomshuset søndag kveld. Det er den utsette julerevyen «#VIÅ» som kjem no komande onsdag kveld i ungdomshuset. Vi har ingen raud tråd, men det blir mykje om «gjøren og laden» i Todalen vi kjem til å by på – og vi har mange gode og nyskrevne songtekstar å by på, seier Nils Ove Bruset og Anders Gjeldnes som står i bresjen for revyen.
På aktivitetsplana til Todalen I.L. stod det skileik kl 14.00. Vi tok turen oppover og rekna ikkje med så stor deltaking sidan det var regn i lufta og 7-8 varmegrader – og dårleg og bløtt skiføre. Men der tok vi feil, for ved gapahuken var det full aktivitet med klatring og leik, og det var faktisk mange smårollingar som hadde med ski og som prøvde dem litt innimellom regnskurene.
Det nærmar seg med stormskritt til årets påskehappening i Todalen ungdomshus. Verdiløse Menn er booka til å spele etter revyforestilling på onsdag og dei gleder seg til å spele på onsdag. Dei minnast med glede sist gong dei var i Todalen og spilte for glade todalinger under julerevyen i 2016, skriv Knut Bergli i ein […]
Balleiken som til no har vore arrangert på tirsdager for ulike aldersgrupper har avslutta aktiviteten til påske. Det blir ikkje oppstart etter påske, for da byrjar fotballsesongen så smått for dei aldersbestemte klassane etter kvart som banane blir klar til bruk.
Onsdag 28.mars er det jule/påske-revy på Ungdomshuset i Todalen. Den årlege julerevyen vart i fjor utsett, og komiteen sett den derfor som lova opp på ny no i påska.