Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongåpning for G10

Elinor Bolme Onsdag 25. april 2018

I kveld åpna G10 Søya/Todalen sitt seriespel mot Rindal på Banksletta. Det vart ein målrik kamp, der rindalingane var hakket kvassare framom mål og dominerte størsteparten av kampen.

Fair play-helsing før kampstart.

Laget frå Søya/Todalen består av spelarer både frå Todalen, Kvanne og Stangvik i årsklassane 2008 og 2009. Dei skal i løpet av sesongen møte både Surnadal, Tingvoll, Sunndal og Kvass/Ulvungen, så her blir det nok mange fine fotballminner utover sesongen.

Tor Asbjørn som passa målet i 2. omgang hadde det litt travelt til tider.

Redaksjonen på red@todalen.no set stor pris på bilder og litt tekst frå alle dei andre laga som er i aksjon utover sesongen også. 

Publisert: 25. april 2018, 21:42