Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1772 artiklar i dette arkivet.


Motstrøms i bakken, ein suksess!

Elinor Bolme Onsdag 9. januar 2019

Eit enkelt lågterskel arrangement vart verkeleg ein innertiar, kunne Gudmund Kårvatn fornøgd konstatere etter at Todalen IL onsdag kveld arrangerte nybegynnarkveld for randonee-interesserte. Nesten 20 personar tok turen til Surnadal Alpinsenter for å gå motstrøms denne kvelden. Ja, for det er akkurat det dei gjer «desse randonee folka», vil kanskje mange tenkje, i sine tronge, ultralette trikotar. Men oppmøtet tilsa definitivt at interessa for sporten er til stades i vårt dalstrøk også, da særleg som ei vaksande trimaktivitet, fortel Gudmund.


Ønsker liv i Dalalia

Elinor Bolme Tysdag 8. januar 2019

Siste helga i februar blir det også i år arrangert randonne renn på Kårvatn. I den forbindelse inviterer Todalen IL til eit lite idemyldringsmøte for å få til ein familiedag under laurdagens renn. Ragnar Halle er pådrivar denne gongen, men behøver fleire til å hjelpe til, fortel han. -Her har vi mulegheit til å lage […]


Bli kjent med randonne!

Elinor Bolme Laurdag 5. januar 2019

Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.


Romjulsmarsj med stor oppslutning

Dordi Jorunn Halle Fredag 28. desember 2018

Det er riktig så triveleg å treffe så mykje folk når ein går Storrundt!», – det var omkvedet under «Romjulsmarsjen» i Todalen 4. juledag. Og det var kjøle mykje folk som var ute og gjekk, nesten 150 personar! Folk var glade for å treffe naboar, kjenningar, utflytta todalingar og andre som var på besøk og tok ein runde bygda rundt! Det vart mange stopp for å helse og slå av ein prat, altså vart det meir sosialt samver enn fart og trim! Men det er riktig så mange andre dagar i løpet av året ein kan springe, jogge eller finspasere Storrundt utan å treffe eit menneske.


KUstymene klare til revyfesta

Elinor Bolme Onsdag 26. desember 2018

I dag var første gjennomgang av årets julerevy. Gjengen vi trefte i ungdomshuset tykte dei var rimeleg godt i rute, og rekvisittaer og kostymer var produsert på løpande band. På papiret står 9 nummer frå scena; og dei kunne garantere både utgravinggar, nedgravingar, kaffekrok og presentasjon av sjølvaste urtodalingen. -Vi oppfordrar alle Hallingar om å komme i år, og naturleg vis alle andre som vil sjå kva vi har funne på om dei, ler Nils Ove, Anders og Lars spøkefulle. 


Romjulsmarsjen blir arrangert 4. juledag

Jon Olav Ørsal Sundag 16. desember 2018

Romjulsmarsjen er forlengst komen på terminlista til Todalen Idrettslag, og blir arrangert 4. juledag (28. desember). Som tidlegare år blir det gløggservering og loddsal ved Sandstadkrysset og ved Brusetkrysset, og sjølvsagt er det flotte deltakarmedaljer til alle, melder TILs trimgruppe.


Live i Todalen: No er billettane i sal

Jon Olav Ørsal Fredag 14. desember 2018

«Live i Todalen» er T.I.L.s julerevy 2018 som i år blir 4. juledag (28. desember), og no er altså billettane lagt ut på førehandssal på Matkroken Todalen (Halsbua). Vil du sikre deg ei eller fleire billettar så er det lurt stikke butikken for å fikse det.


«Live i Todalen»

Elinor Bolme Tysdag 11. desember 2018

Ja det er namnet på årets julerevy som no er på gang i Todalen. I går kveld var det progresjonsmøte i skrivar- og skodespelargruppa, og gjengen kunne fortelje at alt var i rute som åra før. -Vi er med andre ord ikkje heilt i rute, men er godt i gang med å lage ei artig […]


Premiere for skiføret i lysløypa på Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Fredag 7. desember 2018

I dag vart vinterens første skispor i lysløypa køyrt opp. Ståle Ansnes sørga for å preparere lysløypa med løypefresen og sporsettaren som laga sjølve skisporet. Løypetraseen vart 2-3 meter brei, med både skispor for klassisk og eit bredt felt for skøyteteknikk for den som ønskjer det.


Fotballtrimmen i gang igjen

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. desember 2018

Todalen I.L fotballgruppa bles i gang fotballtrim i gymsalen på Todalen skule igjen. Det skjer kvar fredagskveld i tidsrommet 18.30 – 20.00, og det er for alle som føler at dei treng litt trim før jul. Første kvelden er fredag 7. desember og vidare kvar fredagskveld fram til jul.  Kom og bli med, oppfordrar Knut […]


Gratis ved!

Elinor Bolme Torsdag 29. november 2018

Etter den første ryddedugnaden på Toaå Tursti viser det seg no at det blir litt i meste laget av trevirke å ta i mot for flishogging for gardbrukar Per Åke Jakobsson på Oppstua Gjeldnes. Det betyr at om du er interessert i gratis ved er det no ein gylden sjanse til det.


Ny sesong på skøyteisen

Elinor Bolme Laurdag 24. november 2018

I dag var det sesong åpning av skøytebanen på Bordholmen igjen. Dei trufaste skøyteentusiastane Knut Bergli, Finn Ranes og Anders Gjeldnes hadde saman med Gunnar Nordvik i år oppgradert banen med heimelaga vant rundt heile isen.