Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velg mellom Kjerringdilt og Gunnøydilt på langfredag

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. april 2019

Langfredag 19. april er det tradisjonell «Kjerringdilt» på Skihytta på Ørsalfjellet.  Da er det uhøgtideleg langrennskonkurranse på idealtid og med flott vandrepokal som premie.  Alternativt kan du delta på Gunnøydilten som er heilt ny av året. Den har start frå Trøbakkan eller frå Halsabrua og går til Gapahuken ved Gunnøya. 

Kjerringdilten har ein lang tradisjon å forsvare. Ei lita utfordring blir kanskje skiføret i år. Det er mange opne bekkar på fjellet, og det kan faktisk bli ei skikkeleg utfordring dersom det blir mildvêr i uka som kjem.  Hyttestyret som er vertskap på skihytta lovar imidlertid både skirenn og service med nystekte bakels til kaffen om du kjem på besøk. Skirennet startar kl 13.00 og hyttestyret har 50 startnummer klare til bruk, så velkomen skal du være!

Bli med og skape ein ny påsketradisjon på langfredag – Gunnøydilten. Trimgruppa byr på kaffe og noko attåt og grilla pølser med brød. Arkivfoto: Todalen.no

«Gunnøydilten» er nok ikkje nokon direkte konkurrent til Kjerringdilten, sjølv om den går på same dag og til same tid. Den blir nok heller eit supplement til Kjerringdilten. Dette er eit lågterskeltilbod som alle kan ta del i.  Du kan sjølv bestemme om du vil starte frå Halsabrua eller frå Bønnavollan, 100m  innafor kyrkja. Heile traseen for «Toåa Tursti) er no bar og du dette er ein fin og lett trimtur både for liten og stor – det går sågar an å bruke vogn dersom du tåler litt utfordring. Det blir start mellom kl. 12 og kl. 15 enten frå Bønnavollå eller frå Halsabrua – fritt val! Dersom du registrerer deg ved Gunnøya så blir du med på trekninga av 5 gevinstar med litt velsmakande påskegodt! 

I Gunnøya blir det sal av kaffe og noko attåt og pølser med brød – arrangøren kokar på svartkjelen og grillar pølser på bålet.  Inntekta går uavkorta til finansiering av prosjektet «Tursti Toåa». Kom og bli med på noko som kanskje blir ein ny og triveleg påsketradisjon! 

Publisert: 18. april 2019, 04:55