Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sol, kos og vel gjennomført Kjerringdilt

Elinor Bolme Fredag 19. april 2019

I dag har definitivt vore ein utedag både på fjell og ved sjø. Tradisjon tru har trimgruppa avvikla det årlege skirennet «Kjerringdilten» rundt Skihytta. Vel 35 personar tok turen til fjells, og dei aller fleste deltok i skirennet med den gjeve vandrepokalen som mål. 

Fint i le ved inngangspartiet på Skihytta. Sola har ikkje komme heilt igjennom, men temperaturen var upåklageleg. Foto Torkjel Ansnes Moe.

Fint vêr eller ikkje; opp til fleire omgangar med raudskjegg er obligatorisk. Foto Torkjel Ansnes Moe.

Jo og Kristoffer tok runden rundt løypa. Foto Torkjel Ansnes Moe.

Men ingen kunne slå Sigrid Kvendset i dag. Ho kom nærast idealtida og fekk med seg vandrepokalen til låns til neste år.  I desse påskekrimtider håpar vi ikkje ho vart rana på tur ned av to skumle solbrilleypar…Foto Mari Redalen.

Under er mange fine bilder innsendt frå gode medhjelparar sidan alle i redaksjonen valde låge joggesko og fint underlag nede i bygda i dag… 

Publisert: 19. april 2019, 20:02