Bli med til Korshammaren
Trimgruppa i Todalen IL arrangerer tur til Korshammaren ved Todalshaugsetra. Det skjer 2. pinsedag, 10. Juni, med start frå Grusholet/Rossåbrua kl 12.00
Vi fann 1813 artiklar i dette arkivet.
Trimgruppa i Todalen IL arrangerer tur til Korshammaren ved Todalshaugsetra. Det skjer 2. pinsedag, 10. Juni, med start frå Grusholet/Rossåbrua kl 12.00
Det var artig å kunne informere dugnadsgjengen om at vi hadde fått eit nytt gledesbrev til prosjektet «Tursti Toåa». Denne gongen var det Todalen IL som vart ein av vinnarane av Draumeplassen Møre og Romsdal 2019, fortel Elinor Bolme i prosjektgruppa for Tursti Toåa.
Todalens yngste fotballspelarar har hatt ein fin vårsesong, og er no snart klare for sesongåpning med cupspel under årets SILregncup neste helg. Dei gler seg, og etter innsatsen på gårsdagens trening å dømme, så kan det bli ei kjekk oppleving.
Ski- friidrettsgruppa i Todalen idrettslag ønsker å sende ein spesiell invitasjon til ungar og unge på Nordvik til denne vekas lagseriestemne på Bordholmen.
Ski og friidrettsgruppaminner om lagseriestemnet på Bordholmen i kveld. Oppmøte klokka 18 kor det blir høve til å bade kaste, springe, spurte og hoppe med eller utan fart.
I kveld var det lokaloppgjør mellom G11 laga Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen og Sunndal på Bordholmen. Det vart ein målrik kamp, som Sunndal til slutt gjekk seirande ut av. Første omgang var ganske jamn, kor begge laga dominerte kvar sin periode. I andre omgang var Sunndalingane litt heldigare og fekk god utteljing på sjansane sine.
Torsdag kveld er første kveld med lagseriestemne denne våren. Det skjer på Bordholmen kl. 18.00 og slik blir det og i forsettinga melder Ski- og Friidretssgruppa i T.I.L.
Tirsdag kveld er det fotballkamp på Bordholmen igjen. Da møter G11 Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen nabolaget frå Sunndal klokka 18. Her blir det åpen kiosk med både is, bakels og graut.
Etter biltog og frukost på formiddagen starta den tradisjonelle feiringa av nasjonaldagen på ettermiddagen. Først gudsteneste i Todalen kyrkje, og så folketog til skulen der resten av programmet gjekk føre seg.
Strålande sol, mild bris og ein solid frukostbuffet møtte dei vel 130 som i dag tok turen på Bordholmen etter biltoget på fellesfrukost. Fotballgruppa i Todalen IL hadde ordna seg på godt med besøk, og todalingane møtte mannsterke opp og vart servert både heimelaga brød, rundstykker, syltetøy og salatar.
Å køyre biltog har ein lang tradisjon i Todalen. I starten var det berre nokre få bilar og traktorar som deltok, og det bar mest preg av å være eit slags «skrommeltog» på morgonkvisten – før den ordinære feiringa tok til.
Ein tur rundt bygda avslører at det blir gjort førebuingar til nasjonaldagen – 17.-maikomiteen ståka med pynting og ordning til arrangementet i skulen, og eit «kokkelag» hadde god kontroll på produksjon av massevis med kjøttsuppe til arrangementet i morgon.