Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1764 artiklar i dette arkivet.


Vel gjennomført av Erik i krevande løype.

Elinor Bolme Tysdag 12. mars 2019

I dag har Randoneelandslaget vore i aksjon i VM løypene i Sveits igjen, og Todalen IL sin mann på startsstrek har nok ein gong levert eit sterkt løp i Individuell. Erik Kårvatn kom inn på ein respektabel 25. plass av 49 startande i klassen cadett ( junior). I dag forserte dei 850 høgdemeter i ein veldig […]


Todalen IL minner om årsmøtet

Elinor Bolme Måndag 11. mars 2019

.Onsdag 27.03.2019 kl 19.00 er det Todalen IL sin tur til å halde årsmøte i Todalen Ungdomshus.
Fristen nærmar seg for saker som ønskes behandla på årsmøtet – siste frist er 13.03.19 for innmelding til styret v/Nils Ove Bruset


Kjempedebut for Erik i Ranonee VM i Villars

Elinor Bolme Sundag 10. mars 2019

I dag har Erik Kårvatn debutert i randonee-VM i Villars, Sveits saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. Dagens øvelse var sprint, og både Erik og Edvard Sætran Solli gjennomførte ein fantastisk mesterskapsdebut i junorklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard.


Godt når ein først kjem ut

Jon Olav Ørsal Sundag 10. mars 2019

På Tjønnmyra var det familiedag med Barn i løypa. Litt utrygg værtype gjorde at det var ikkje all verdens store deltaking, men dei som var der storkosa seg i nysnøen – enten på ski eller med akebrett eller rattkjelke. Sjølv om været er litt «pjusk» så er det godt når ein først kjem seg utendørs og på Tjønnmyra ligg det fantastisk godt til rette for uteaktivitetar.


Ut på ski!

Elinor Bolme Laurdag 9. mars 2019

Det er no nyoppkjørte skuterløyper frå Øyalia, via Snekkardalshalsen og til skihytta melder Terje Nordvik som i dag har med seg Torkjel Ansnes Moe og Einar Husby på tur. Dei anbefaler resten av oss til å ta seg ein skitur i helgas finver.  På Tjønnmyra blir det i løpet av ettermiddagen oppkjøyrt nye spor. Litt […]


Minimalt med snø, men mykje bakels!

Elinor Bolme Sundag 3. mars 2019

Lukta av nystekte bakels bredde seg frå gapahuken på Tjønnmyra på formiddagen i dag når skigruppa i Todalen IL inviterte til barn i løypa. Kombinasjonen med Wasaloppet, 50 km menn i Seefeldt, og minimalt med snø i bygda gjorde nok sitt til at deltakinga ikkje var den aller største. 


Erik klar for VM i Sveits i mars!

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. februar 2019

NSF Randonee har gjort sine uttak til randonee-VM som går i Villars Sur Ollon i Sveits, og det er no klart at Erik Kårvatn som representerer Todalen I.L. er teken ut til å representere landslaget i juniorklassen, saman med Edvard Sætran Solli frå Torvikbukt I.L. Dermed får Nordmøre to representantar i årets VM som går i tidsrommet 9. – 16. mars 2019.


Ny dag for barn i løypa

Elinor Bolme Måndag 25. februar 2019

I dag er det ikkje barn i løypa på Tjønnmyra. Neste gong er førstkommande søndag klokka 12. Da satsar skigruppa på fortsatt godt føre i lysløypa, og kanskje blir det både kaffe og bakels å få.


Hans Inge Klette var suveren på sprinten

Jon Olav Ørsal Sundag 24. februar 2019

Hans Inge Klette var det ingen som klarte å hamle opp med på søndagens NorgesCup i randonee på Kårvatn. Søndag var det sprint, med innleiande prolog og deretter finaler. Dagens raskeste var altså Hans Inge Klette, som hadde raskeste finaletid på 3.14 – på prologen hadde han 3.18 og dermed raskeste tid både på prolog og finale i herreklassen.


Kilian Jornet med seier og ny løyperekord

Elinor Bolme Laurdag 23. februar 2019

Med Kilian Jornet på startstreken var nok forventningane til seier rimeleg høge for spanjolen som går for Romsdal Randoneekubb. Han hadde ein kjempedag under dagens NC renn på Kårvatn og tok seieren med ny løypetid på 1.26,36.  Berre 1 minutt og 20 sekund før Hans Inge Klette (1.27.56) frå Viljar IL. På tredjeplassen kom Vegard Øye (1.28,49) også frå Romsdal RK.


Yrande liv på Dalahaugen Open

Elinor Bolme Laurdag 23. februar 2019

Dalahaugen Open samla i dag godt over 20 ungar og tlisvarande vaksne rundt Dalahaugen på Kårvatn under Norgescuprennet i randoeé. Arrangørane i Todalen IL seier seg storfornøgd med arrangementet og håpar også dei frammøtte kosa seg i anlegget som var tilrettelagt for minirando, hopping, kulerenning og slalom.


NC Randoneé: Dagen før dagen ligg det bra an!

Jon Olav Ørsal Fredag 22. februar 2019

Rennleiar Nils Ove Bruset rapporterer finne forhold i fjellet – i dag har han og fleire til vore i fjellet opp mot Tydalsnebba og kan altså melde om fine forhold og godt føre i fjellet. Derfor ligg det an til ei flott randoneé-helg med NorgesCup og med Dalahaugen Open for dei minste på Kårvatn i […]